Needham Market

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Needham Market

Hawks Mill, Needham Market no omgjort til leilegheiter
Hawks Mill, Needham Market no omgjort til leilegheiter
Plassering
Needham Market is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Suffolk
Distrikt Mid Suffolk
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

4 574
Koordinatar 52°9′″N 1°3′″EKoordinatar: 52°9′″N 1°3′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer IP6
Telefon-retningsnummer 0 1449
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Needham Market

Needham Market er ein by i Suffolk i England. Han voks opp rundt ullindustrien i mellomalderen. Frå 1663 til 1665 vart han råka av fleire pestepidemiar, som førde til at han vart avskoren frå omverda, og det tok lang tid før han kom seg igjen.

Blant attraksjonar finn ein soknekyrkja frå det 1400-talet og Limes Hotel som var ein laugshall i mellomalderen. Needham Lake er eit tidlegare leirtak der det har vorte anlagt ein kunstig innsjø, med rik fauna og ei rekkje fritidstilbod.

Jernbanelinja East Anglia Main Line går gjennom byen, og det er via dette togsamband til Ipswich og Stowmarket. Hovudvegen A45 (no A14) gjekk tidlegare gjennom byen, men i 1970-åra vart han lagt i ein ringveg utanom. Byen har dermed gode vegsamband, men slepp samstundes for mykje trafikk gjennom hovudgatene.

Byen Needham i Massachusetts er kalla opp etter Needham Market.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]