Nelson Haedo Valdez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nelson Haedo Valdez
Valdez2.jpg
Personleg informasjon
Namn Nelson Antonio Haedo Valdez
Fødselsdato 28. november 1983
Fødestad Caaguazú i Paraguay
Høgd 178 cm
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Rubin Kazan
Draktnummer 18
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2000-01
2001-06
2006-10
2010-11
2011-
Paraguay Tembetary
Tyskland Werder Bremen
Tyskland Borussia Dortmund
Spania Hércules
Flag of Russia.svg Rubin Kazan
22 (11)
113 (31)
113 (16)
25 (8)
1 (0)
Landslag**
2004- Paraguay Paraguay 54 (12)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 10. september 2011.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 25. juli 2011.

Nelson Antonio Haedo Valdez (fødd 28. november 1983 i Caaguazú) er ein paraguayansk fotballspelar som spelar i angrep for Paraguay sitt landslag og for Hércules i spansk Primera Division. Det første etternamnet hans er eigentleg Haedo, men i Tyskland var han betre kjent under etternamnet Valdez.

Haedo Valdez voks opp i ringe kår i Paraguay. Han har fortald til tysk presse at då han spelte for Atlético Tembetary i paraguayansk andredivisjon, var han heimlaus og sov under tribunen.[1] Han drog til Europa og Werder Bremen i Tyskland som 18-åring. Han vart fast i A-stallen frå 2003/04-sesongen, men 1. juli 2006 skifta han klubb til Borussia Dortmund, for å få meir speletid. I april 2008 vart han skildra av tyske presse som ein flopp,[2] men i 2008/09-sesongen presterte han betre for Dortmund, og i april 2009 vart kontrakten hans med klubben forlenga til 2012. Før 2010/11-sesongen vart han selt til Hércules i Spania for om lag 3,5 millionar euro.

Haedo Valdez debuterte for Paraguay sitt A-landslag i 2004. Han spelte alle Paraguay sine tre kampar i fotball-VM i 2006, utan å skåra mål. 9. september 2009 skåra han det einaste målet då Paraguay slo Argentina i kampen som gjorde at Paraguay kvalifiserte seg til fotball-VM i 2010.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bild.de på tysk, 30. april 2008.
  2. Bild.de på tysk, 30. april 2008.