Nikita av Elton John

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nikita
Singel av Elton John
frå albumet Ice on Fire
B-side «The Man Who Never Died» (U.K.)
«Restless» (U.S.)
Utgjeve 29. oktober 1985
Innspelt 1985
Sjanger Poprock, new wave
Lengd 5:44 (album)
4:54 (singel)
Selskap Rocket (UK), Geffen (U.S.)
Låtskrivar(ar) Bernie Taupin (tekst), Elton John (musikk)
Produsent Gus Dudgeon
Elton John-kronologi
«Act of War»
(1985)
Nikita «Wrap Her Up»
(1985)

«Nikita» er ein song av den engelske songaren Elton John om den kalde krigen frå albumet Ice on Fire frå 1985. Han vart gjeven ut som singel seint i 1985 og vart ein stor suksess i mange land.

I songen skildrar Elton John ein forelsking for ein vakker austtysk grensevakt, som han ikkje kan treffe fordi han ikkje har løyve til å reise inn i landet. George Michael syng korvokal på songen, som elles er kjend for ein særeigen synthesizersolo.[1] Songen nådde tredjeplass i Storbritannia, sjuandeplass i USA og andreplass i Noreg.

Videoen for songen vart regissert av Ken Russell, med Anya Major i rolla som Nikita og ei framferd av Justin Lewis. Russell hevdar han ikkje visste at Nikita var eit mannsnamn på russisk (t.d. Nikita Khrusjtsjov) og Elton John godtok manuset skriven av Russell der kjærasteforholdet var mellom ein mann og ei kvinne. Grensevakta i videoen er derfor ei vakker, blond kvinne med kort år. I seinare intervju har John, som er opent homofil, innrømd at Nikita er eit mannsnamn på russisk.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1985/86) Plassering
Austerrike 3
Nederland 1
Frankrike 6
Eurochart Hot 100 1
Tyskland 1
Irland 1
New Zealand 1
Noreg 2
Sverige 7
Sveits 1
Storbritannia 3
USA 7

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Elton John Song Lyrics: Nikita...». http://www.eltonography.com/songs/nikita.html. Henta 8. desember 2011.