Nikolaj Trubetskoj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nikolaj S. Trubetzkoj (1980-1938).

Fyrst Nikolaj Sergejevitsj Trubetskoj[1] (16. april 189025. juni 1938), fødd i Moskva; død i Wien, var ein russisk lingvist og etnolog, og ein av grunnleggjarane av Lingvistkrinsen i Praha i 1929.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Trubetskoj høyrde til ein gamal russisk adelsfamilie. Far hans, fyrst Sergej Nikolajevitsj Trubetskoj[2] (1862-1905) var professor i filosofi ved Universitetet i Moskva og rektor same stad. Han byrja tidleg å arbeide med lingvistikk og etnologi. Den fyrste artikkelen hans blei utgjeven i 1905. Frå 1908 til 1913 studerte han ved Universitetet i Moskva og tok doktorgraden i 1913 med avhandlinga Om uttrykk for futurum i dei viktigaste indoeuropeiske språka. I 1916 habiliterte han seg i samanliknande språkvitskap og sanskrit. I 1917 reiste han til Kaukasus, der han blei overraska av oktoberrevolusjonen. I 1918 blei han professor i Rostov-ved-Don[3], og i 1920 emigrerte han, av politiske grunnar, til Bulgaria, der han blei dosent i slavisk filologi ved Universitetet i Sofia[4]. I 1922 blei han kalla til professor i slavisk filologi ved Universitetet i Wien[5]. Han døydde i 1938, kort tid etter at Gestapo hadde forhøyrt han og teke frå han arkivet hans.

Vitskapleg tyding[endre | endre wikiteksten]

Trubetskoj sitt hovudbidrag til lingvistikken høyrer til fonologien, særleg i analysen av fonologiske system i einskildspråk og i arbeidet for å finne generelle og allmenne fonologiske lover. Hovudverket hans var Grundzüge der Phonologie, som kom ut posthumt i 1939.[6] I Grundzüge utvikla Trubetskoj den mest avanserte og fullstendige strukturalistiske fonologiske teorien gjennom tidene. Det er ikkje alltid som lett å skilje synspunkta til Trubetskoj frå dei til venen hans, Roman Jakobson, som gjorde fonologien Lingvistkrinsen i Praha vidare kjend etter Trubetskojs for tidlege død.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. opphavleg russisk Николáй Сергéевич Трубецкóй, tysk Nikolai S. Trubetzkoy
  2. kyrillisk Сергéй Никола́евич Трубецкóй
  3. russisk Росто́в-на-Дону́ Rostov-na-Donu
  4. bulgarsk Софийски университет Sofijski universitet
  5. tysk Universität Wien
  6. N. S. Trubetzkoy 1939. Grundzüge der Phonologie. (Cercle linguistique de Prague 7.) Prague : Le Cercle. Seinare opplag utgjevne av Vandenhoeck & Ruprecht, Göttingen.