Nikolaus von Falkenhorst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nikolaus von Falkenhorst

Nikolaus von Falkenhorst (17. januar 188518. juni 1968), fødd i Breslau i det dåverande Tyskland.

Falkenhorst vart fødd inn i ein prøysisk offiser-familie utan jordeigedomar. Fødenamnet var Nicolaus von Jastrzembski, men etternamnet vart endra i 1911. Berre 12 år gamal vart han kadett og fullførte krigsskulen i Potsdam i 1904.

Tid i Noreg[endre | endre wikiteksten]

21. februar 1940 fekk general von Falkenhorst av Adolf Hitler i oppdrag å førebu overfallet på Danmark og Noreg. Kodenamnet for den militære operasjonen var operasjon Weserübung. Den 10. april flaug han frå Hamburg til Fornebu. Den 25. juli vart han utnemnd til Wehrmacht-befehlshaber Norwegen, den øvste tyske militære i Noreg. Året etter leia han ei tid operasjonane nord i Finnmark. Han vart avløyst av generaloberst Lothar Rendulic 18. desember 1944. Om lag ein månad seinare overtok general Franz Bohme.

Når situasjonen var «normal», styrde Reichskommissar Josef Terboven nesten uinnskrenka i Noreg. Berre om det var fare for akutt militær oppstand, skulle den fulle makta gå til Falkenhorst.

Han døydde 18. juni 1968 i Holzminden i Tyskland.