No More Mr. Nice Guy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
No More Mr Nice Guy
Singel av Alice Cooper
frå albumet Billion Dollar Babies
B-side «Raped and Freezin'»
Utgjeve 1973
Innspelt 1972
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 3:06
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Alice Cooper, Michael Bruce
Produsent Bob Ezrin
Alice Cooper-kronologi
«Hello Hooray»
(1973)
No More Mr Nice Guy «Billion Dollar Babies»
(1973)

«No More Mr. Nice Guy» er ein song frå 1972 av hardrockgruppa Alice Cooper frå albumet Billion Dollar Babies. Singelen vart gjeven ut i 1973 og nådde 25. plass i USA og 10. plass i Storbritannia, og var med på å ta albumet til førsteplassen i begge landa. Songen er skriven av Alice Cooper og Michael Bruce.

Cooper skreiv songen om reaksjonane til kyrkjegruppa til mora om sceneframferda til Cooper og rollene han spelte på scenen. Han sa at det var verre ting han kunne gjort i livet og at «hanskane no var av».[1]

Heavy metal-gruppa Megadeth spelte inn songen for filmen Shocker i 1989. Songen er òg spelt inn av Pat Boone for coveralbumet In a Metal Mood: No More Mr. Nice Guy.

Songen vart spelt inn på ny av Alice Cooper for videospelet Guitar Hero: Warriors of Rock.[2]

Songen vart spelt i filmen Dazed and Confused, fjernsynsserien Family Guy i ein parodiscene av Dazed and Confused, og i fjernsynsserien The Simpsons.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

År Land Plassering
1972 USA 25
1972 Storbritannia 10
1972 Austerrike 14
1972 Nederland 6
1972 Irland 18
1972 Tyskland 10

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]