Billion Dollar Babies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Billion Dollar Babies
Studioalbum av Alice Cooper
Utgjeve 25. februar 1973
Innspelt The Galecie Estate, Greenwich, CT, The Record Plant, NY, og Morgan Studios i London,
August 1972 - januar 1973
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 40:51
Selskap Warner Bros.
Kritikk
Alice Cooper-kronologi
School's Out
(1972)
Billion Dollar Babies Muscle of Love
(1973)

Billion Dollar Babies er det sjette studioalbum av det amerikanske hardrockbandet Alice Cooper, gjeven ut i 1973.[1][5] Albumet vart det bestseljande albumet til Alice Cooper då det kom ut både i USA og Storbritannia og selde til platinaplate i USA. Albumet vart hylla av kritikarar som Robert Christgau, Greg Prato frå allmusic, og Jason Thompson frå popmatters, men Rolling Stone gav det berre to og ei halv stjerne.

Songane vart spelt inn i Connecticut og London i England. Tekstane omhandla tema som nekrofili, tannlegefrykt, skrekk og eit humoraktig innslag av seksuell trakassering.

Innspeling og produksjon[endre | endre wikiteksten]

Trommeslagaren Neal Smith har sagt at albumet kan sporast tilbake til songen «Caught in a Dream» frå albumet Love It to Death. Den første innspelinga for albumet fann stad i Greenwich i Connecticut i eit herskapshus kalla Galecie Estate. For å få til visse vokallydar og ekkoeffektar, vart mikrofonane plasserte ut i rom av forskjellig storleik og eit drivhus. Andre innspelingar fann stad i Morgan Studios i London, der songaren Donovan medverka med å synge på tittelsporet til albumet. Albumet vart produsert av Bob Ezrin.[6]

Gitaristane Glen Buxton og Michael Bruce nytta begge Gibson SG-gitarar for albumet.[6] To gitaristar til, Dick Wagner og Steve Hunter spelte òg på albumet for å hjelpe Buxton som på denne tida sleit med eit stort dopmisbruk.[7]

Tekstar og tema[endre | endre wikiteksten]

Tittelen på albumet kom av at Alice Cooper og bandet var overraska over suksessen sin. Cooper fortalte: «Korleis kan me, dette bandet som for to år sidan budde i kjellaren til Chambers-brørne i Watts, vere nummer ein-bandet i verda, der folk kastar pengar etter oss?»[8] Tittelen vart òg seinare nytta på bandet til Neal Smith, Dennis Dunaway og Michael Bruce som dei danna etter at dei forlet Alice Cooper.[9] Cooper sa «Heile ideen bak Billion Dollar Babies var å utnytte ideen om at folk har sjuke perversjonar».[10] Chris Cornell frå Soundgarden sa seinare: «Då eg var på vidaregåande skule, let lærarane elevane få spele favorittplatene sine kvar fredag. Eg tok med meg Billion Dollar Babies og dei let meg ikkje spele han. Dei hadde aldri nekta nokon før. Det var då eg forstod at rock’n’roll kunne skremme livskiten av visse folk»[11]

Alice Cooper, som skreiv dei fleste tekstane på albumet, siterte Chuck Berry som ei stor inspirasjonskjelde for tekstane sine.[6] «Hello Hooray», opningssporet på albumet, vart skriven av den kanadiske songaren og låtskrivaren Rolf Kempf og var tidlegare spelt inn av Judy Collins. Bandet ønskte at versjonen deira av songen skulle høyrast ut som «Alice Cooper møter kabaret».[12] Det tredje sporet på albumet, «Elected», var ei omskriving av ein tidlegare song av bandet kalla «Reflected».[1] «Raped and Freezin'» er vorte kalla ein «festleg og særs fengande» song om seksuell trakassering av Jason Thompson i PopMatters.[2] «Unfinished Sweet» handlar om eit tannlegebesøk.[2] Tittelsporet er skriven i lag med Reggie Vinson, som spelte gitar og song på School's Out.[13] Donovan skildra songen som ein «skrekkhistorie-song».[14] Den siste songen på albumet, «I Love the Dead» er ein underfundig song om nekrofili.[15]

Turne[endre | endre wikiteksten]

Alice Cooper framfører Billion Dollar Babies.

Etter albumet kom ut la bandet ut på ein turne som sette nye salsrekordar i USA, tidlegare heldt av the Rolling Stones, og omfatta 64 konsertar i 59 byar på 90 dagar. Bruttoinntekta var venta å vere tilnærma $20 millionar,[16] men dei tente berre om lag $4 millionar.[6]

På konsertane var Cooper kledd i kjole med falske blodflekkar i skrittet, og han reiv i sund babydukker og gjekk til åtak på mannekengar.[17] Cooper har sagt at skamferinga av dukkane symboliserte omsorgssvikt.[18] Mellom 40 og 50 folk var i sving og 11 tonn med utstyr vart nytta.[19] To semi-trailerar frakta alt sceneutstyret som omfatta tannlegebor, fire piskar, eit operasjonsbord, seks stridsøkser, 33 000 programhefte, 300 babydukker, 22 000 stjerneskot, 58 mannekengar, 280 ekstra lyspærer og mykje meir.[9]

Mottaking og påverknad[endre | endre wikiteksten]

Billion Dollar Babies gjorde det betre enn dei førre albuma til Alice Cooper. Det gjekk til topps i både USA og Storbritannia.[16] Singlane «Elected», «Hello Hooray», «Billion Dollar Babies» og «No More Mr. Nice Guy» vart alle hittar i USA.[20] I mars 1973 mottok bandet gullplate for albumet og i 1986 hadde det seld til platina.[21]

Den norske gruppa Turbonegro laga ein song kalla «Zillion Dollar Sadist» som ein hyllest til Billion Dollar Babies.[22] David Byrne frå Talking Heads har sagt at albumet inspirerte han til å skrive songen «Psycho Killer».[23]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

LP[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Musikk Lengd
1. «Hello Hooray»   Kempf 4:15
2. «Raped and Freezin'»   Cooper, Michael Bruce 3:19
3. «Elected»   Cooper, Glen Buxton, Bruce, Dennis Dunaway, Neal Smith 4:05
4. «Billion Dollar Babies»   Cooper, Bruce, Smith, Vinson 3:43
5. «Unfinished Sweet»   Cooper, Bruce, Smith 6:18
Side to
# Tittel Musikk Lengd
6. «No More Mr. Nice Guy»   Cooper, Bruce 3:06
7. «Generation Landslide»   Cooper, Buxton, Bruce, Dunaway, Smith 4:31
8. «Sick Things»   Cooper, Bruce, Bob Ezrin 4:18
9. «Mary Ann»   Cooper, Bruce 2:21
10. «I Love the Dead»   Cooper, Ezrin 5:09

Bonusspor på deluxe-utgåve[endre | endre wikiteksten]

CD-utgåva frå 2001 inneheld desse spora i tillegg[24]:

# Tittel Musikk Lengd
11. «Hello Hooray»   Kempf  
12. «Billion Dollar Babies»   Bruce, Cooper, Smith, Vinson  
13. «Elected»   Bruce, Buxton, Cooper, Dunaway, Smith  
14. «I'm Eighteen»   Bruce, Buxton, Cooper, Dunaway, Smith  
15. «Raped and Freezin'»   Bruce, Cooper  
16. «No More Mr. Nice Guy»   Bruce, Cooper  
17. «My Stars»   Cooper, Ezrin  
18. «Unfinished Sweet»   Bruce, Cooper, Smith  
19. «Sick Things»   Bruce, Cooper, Ezrin  
20. «Dead Babies»   Bruce, Buxton, Cooper, Dunaway, Smith  
21. «I Love The Dead»   Cooper, Ezrin  
22. «Coal Black Model T»      
23. «Son Of Billion Dollar Babies (Generation Landslide)»      
24. «Slick Black Limousine»   Cooper, Dunaway  


Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1973 US Billboard 200[16] 1
1973 UK Albums Chart[16] 1

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
1972 «Elected» Billboard Hot 100[20] 26
1973 «Hello Hooray» Billboard Hot 100[20] 35
1973 «No More Mr. Nice Guy» Billboard Hot 100[20] 25
1973 «Billion Dollar Babies» Billboard Hot 100[20] 57

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Prato, Greg. «allmusic (((Billion Dollar Babies > Overview)))». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/billion-dollar-babies-r4544. Henta 24. oktober 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Thompson, Jason. «Alice Cooper: Billion Dollar Babies – PopMatters Music Review». PopMatters. http://www.popmatters.com/music/reviews/c/cooperalice-billion.shtml. Henta 24. okt. 2011. 
  3. Brackett, Nathan; Hoard, Christian (2004). The New Rolling Stone Album Guide. Simon & Schuster. s. 12. ISBN 0-7432-0169-8. 
  4. Christgau, Robert (1981). Rock Albums of the '70s: A Critical Guide. Da Capo Press. s. 92. ISBN 0-306-80409-3. 
  5. Neill, Andrew; Kent, Matthew (2009). Anyway, Anyhow, Anywhere: The Complete Chronicle of THE WHO 1958-1978. Sterling Publishing. s. 219. ISBN 1402766912. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Hall, Russell. «Alice Cooper’s Billion Dollar Babies: Gibson’s Classic Album of the Month». Gibson Gitar Corporation. http://www.gibson.com/en-us/Lifestyle/Features/Alice-Cooper-Billion-326/. Henta 24. okt. 2011. 
  7. Stanton, Scott (2003). The Tombstone Tourist: Musicians. Pocket Books. s. 296. ISBN 0-7434-6330-7. 
  8. Dansby, Andrew. «Alice Cooper ready to bring mayhem to Houston». Houston Chronicle. http://www.chron.com/disp/story.mpl/ent/5969321.html. Henta 24. okt. 2011. 
  9. 9,0 9,1 Henderson, Alex. «allmusic (((The Billion Dollar Babies > Overview)))». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p24114. Henta 24. okt. 2011. 
  10. Morgel, Jeffrey. «CREEM ONLINE: Marilyn Manson — The Golden Age Of Grotesque». Creem. http://www.creemmagazine.com/_site/BeatGoesOn/MarilynManson/GoldenAgeOfGrotesque001.html. Henta 24. okt. 2011. 
  11. Michael Corcoran, “Northwest of Hell,” SPIN, December 1989, 41-43.
  12. Cooper, Alice; Zimmerman, Kent; Zimmerman, Keith (2007). Alice Cooper, Golf Monster: A Rock 'n' Roller's Life and 12 Steps to Becoming a Golf Addict. Crown Publishers. s. 100. ISBN 978-0-307-38291-7. 
  13. Fishwick, Marshall William; Browne, Ray Broadus (1987). The God Pumpers: Religion in the Electronic Age. Bowling Green State University Popular Press. s. 150. ISBN 0-87972-400-5. 
  14. Bowe, Brian J.. «CREEM ONLINE: Donovan – Molten Truths». Creem. http://www.creemmagazine.com/_site/BeatGoesOn/Donovan/MoltenTruths0506.html. Henta 24. okt. 2011. 
  15. Waksman, Steve (2009). This Ain't the Summer of Love: Conflict and Crossover in Heavy Metal and Punk. University of California Press. s. 70. ISBN 978-0520-25310-0. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 Konow, Daivd (2002). Bang Your Head: The Rise and Fall of Heavy Metal. s. 41. ISBN 0-609-80732-3. 
  17. Curtis, James M. (1987). Rock Eras: Interpretations of Music and Society, 1954–1984. Bowling Green State University Popular Press. s. 257. ISBN 0-87972-368-8. 
  18. Campbell, Mary (22 June 1975), «Alice Wants To Be Establishment», 'Sarasota Herald-Tribune', http://news.google.com/newspapers?id=nwEkAAAAIBAJ&sjid=BGcEAAAAIBAJ&pg=7200,2349592&dq=alice+cooper+billion+dollar+babies&hl=en 
  19. Sippel, John (29 September 1973), «Travel Costs Acts $20–30 Mil Yearly», 'Billboard', http://books.google.com/books?id=AwkEAAAAMBAJ&pg=PA1&dq=Alice+cooper+billion+dollar+babies+billboard#v=onepage&q=Alice%20cooper%20billion%20dollar%20babies%20billboard&f=false 
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 20,4 «allmusic (((Alice Cooper > Charts & Awards > Billboard Singles)))». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p3962. Henta 24. okt. 2011. 
  21. «RIAA – Gold & Platinum». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?table=SEARCH_RESULTS. Henta 24. okt. 2011. 
  22. Begrand, Adrien. «Turbonegro: Ass Cobra / Apocalypse Dudes – PopMatters Music Review». PopMatters. http://www.popmatters.com/music/reviews/t/turbonegro-ass.shtml. Henta a song called "Zillion. 
  23. Jackson, Blair. «Classic Tracks: Talking Heads' "Psycho Killer"». Mix. http://mixonline.com/recording/interviews/audio_talking_heads_psycho/. Henta 24. okt. 2011. 
  24. Prato, Greg. [Billion Dollar BabiesAllmusic «allmusic (((Billion Dollar Babies Deluxe Edition > Overview)))»]. Allmusic. Billion Dollar BabiesAllmusic. Henta 24. okt. 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]