Alice Cooper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alice Cooper
Cooper, Alice (2007).jpg
Cooper på Scream Awards, 2007
Verkeleg namn Vincent Damon Furnier
Fødd 4. februar 1948 (66 år), Detroit i USA
Instrument Vokal, munnspel, gitar
Sjanger Rock, hardrock, heavy metal, sjokkrock
Aktive år 1964 til i dag
Yrke Musikar, skodespelar, DJ
Tilknytte artistar Alice Cooper band, Ozzy Osbourne, Slash
Plateselskap Straight, Warner Bros., Atlantic, MCA, Epic, Spitfire, Eagle, New West
Nettstad www.alicecooper.com

Alice Cooper (fødd Vincent Damon Furnier4. februar 1948) er ein amerikansk songar, låtskrivar og musikar som har hatt ein karriere som spenner over fire tiår. Med sceneshow som omfattar giljotinar, elektriske stolar, falskt blod, slangar og babydukker, har Cooper vore ein pioner innan den teatralske og valdelege heavy metal-stilen kalla sjokkrock.[1]

Alice Cooper var opphavleg namnet på gruppa til Furnier som vart stifta i 1966, og han tok bandnamnet som sitt eige namn då han fortsette som soloartist etter at gruppa vart oppløyst i 1975. Alice Cooper er utsjåandemessig kjent som ein mann med langt mørkt hår, påsminka ringar rundt auga, boaslange rundt halsen og pisk eller stav i handa.

14. mars 2011 vart han teken inn i Rock and Roll Hall of Fame, saman med blant andre Neil Diamond, Darlene Lóve, Dr. John og Tom Waits.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bandet Alice Cooper vart danna i Phoenix i Arizona i USA på midten av 1960-talet. Dei bestod av Vincent Damon Furnier som vokalist, Glen Buxton på sologitar, Michael Bruce på gitar og tangentinstrument, Neal Smithperkusjon og Dennis Dunaway på bassgitar. Dei kalla seg for The Earwigs, og var alle skulekameratar. Bandet bytte i 1965 namn til The Spiders og seinare The Nazz. I 1968 gjekk dei over til å kalle seg Alice Cooper, fordi det viste seg at eit anna band allereie hadde kalla seg The Nazz. Namnet var henta frå ein skikkelse dei visstnok skulle ha fått kontakt med via spiritisme (dei brukte eit ouijabrett). Andre grupper har i seinare tid teke etter, som eit band ved namn Lizzy Bordan. Lizzy Bordan blir forresten nemnt i songen «We're all Crazy» av Alice Cooper frå 1978, eit kjent namn frå ein amerikansk vandrehistorie om ei kvinne som drap foreldra sine.

Dei første åra[endre | endre wikiteksten]

Bandet starta med å spele såkalla garasjerock, og opptredde på diverse mindre arrangement rundt om i heimbyen. Det kunne vere alt frå bursdagsselskap til skuleavslutningar. Dei reiste så til Los Angeles i 1968, der dei ville prøve lukka. Etter å ha farta rundt i byen utan pengar til verken mat eller klede, trefte dei til slutt på Frank Zappa som straks tok dei under vengjene sine. Bandet vart gradvis berykta for konsertane sine, men ikkje fordi dei spelte bra musikk. Dei fleste meinte nemleg at det heile lét svært så grusamt, og det gjekk sport i å møte opp på ein Alice Cooper-konsert for så berre å gå etter ein song og to. Gjennom Frank Zappa fekk dei signere på Straight Records i 1969, og dei spelte inn albumet Pretties for You. Dette var eit særs eksperimentelt rockealbum som ikkje svarte til den musikalske ideologien på den tida. Albumet blir i dag av mange fans sett på som ein spesiell kuriositet, men det gjorde seg aldri merka i musikkhistoria som eit sterkt debutalbum. Rett etter utgjevinga spelte bandet på Toronto Peace Festival saman med blant andre Yoko Ono, John Lennon og The Doors. Under konserten vart det kasta ein kylling på scenen. Cooper trudde likevel at han ikkje var ekte, og kasta han tilbake med det resultatet at blodet spruta til alle kantar, og dermed oppstod ryktet om at han beit hovudet av kyllingar på scenen. Denne konserten er gjeven ut i meir enn 50 ulike utgåver, og ingen av dei er godkjende av bandet. Den andre studioplata Easy Action, som vart gjeven ut i 1970, skapte heller ikkje stor suksess. Bandet var på randa av å gå konkurs og framtida så ikkje ljos ut. Dei hadde uansett gjort seg merka i kultmiljøet, med deira ukurrante musikk og spesielle sceneshow.

Starten av 70-talet[endre | endre wikiteksten]

Då dei flytta til Detroit, den største scenen for hardrock i USA på den tida, seint i 1970, møtte dei Bob Ezrin. Han ynskte å gje bandet ein sjanse, og meinte dei hadde potensial til å bli noko stort. Bandet signerte året etter for Warner Bros, og saman med Jack Richardson produserte Bob Ezrin det tredje studioalbumet til bandet, Love it to Death. Arbeidet til Ezrin bar frukter, og plata vart fort eit av tidenes store hardrockalbum. Alice Cooper fekk den første hitten sin inn på listene i USA, songen «I'm Eighteen». Seinare same år slapp dei Killer, og for første gongen tok dei i bruk strykarar i musikken sin. Denne rockeoperaen gjekk i ei tyngre retning med lange instrumentale komposisjonar tett følgt av små korte hitlåtar. Låten «Under My Wheels» gjekk inn på listene både i USA og andre land, og fleire andre låtar frå albumet har vorte ståande som klassiske Alice Cooper-låtar.

Klimakset til bandet og oppløysing[endre | endre wikiteksten]

Bandet gjekk i studio igjen i 1972. Albumet School's Out skulle bli hugsa av generasjonar, og forhatt av foreldra på den tida. Bandet hadde laga ein bauta som symboliserte akademisk anarki, noko som provoserte særs mange menneske i dei pene kretsane. Tittellåten gjekk rett inn på første plassen på den britiske hitlista, og hamna på sjuandeplassen på den amerikanske Billboardlista. Singelen selde i eit førsteopplag på over ein million. Dei tente store pengar på den bråttkomande suksessen, og markerte kva dei syntest om dei kapitalistiske samfunnet med påfølgjande plate, Billion Dollar Babies, i 1973. Singelen «No More Mr. Nice Guy» gjorde det òg bra på listene, og sjølve albumet vart deira mestseljande. Same år stilte Vincent sjølv som kandidat til presidentvalet, og kasta rundt seg med dollarsetlar i musikkvideoen «Elected». Suksessen skulle vise seg å vere kortvarig, og seinare same året vart albumet Muscle of Love teke mindre godt i mot. Òg dette albumet er godt likt av fansen, og framstår på mange måtar som ein gløymd skatt. Likevel skulle den manglande suksessen tyde kroken på døra for bandet, og etter at Alice Cooper's Greatest Hits vart gjeven ut i 1974, vart bandet oppløyst. Alice Cooper satsa vidare på solokarriere, medan dei attverande medlemmane starta bandet Billion Dollar Babies. Dei gjorde likevel ingen suksess og gjekk etter kvart over i andre yrke og vart gløymt. Glen Buxton døydde den 18. oktober 1997 av lungebetennelse.

Alice går solo[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om dei andre medlemmane ikkje gjorde stor suksess då dei freista å fortsetje, gjorde Vincent sjølv det betre. Han tok bandnamnet som sitt eige artistnamn, og starta eit samarbeid med dei to gitaristane Dick Wagner og Steve Hunter. Resultatet vart eit strålande debutsoloalbum i 1974 som gjorde stor internasjonal suksess. Welcome to my Nightmare klatra raskt opp på listene, og låtar som «Only Women Bleed» og «Cold Ethyl» gjorde seg merka. Samstundes sleit Alice Cooper med eit stort alkoholproblem, og han hevda sjølv at han drakk fleire boksar Budweiser dagleg. Goes to Hell frå 1976 gjorde det òg bra på listene med hitsongar som «Go to Hell» og «I Never Cry», men etter dette bar det berre ein veg og det var nedover. To album, høvesvis Lace and Whiskey og From the Inside følgde på slutten av 70-talet, kor delar av det siste albumet vart skriven medan Alice Cooper var innlagt på eit mentalsjukehus på grunn av problema sine. Der skreiv han blant anna ein kjærleikserklærande song til kona, «How You Gonna' See Me Now». I 1978 spelte han òg i nyinnspelinga av Sgt. Peppar's Lonely Hearts Club Band saman med blant andre Bee Gees og Peter Frampton.

Dei vanskelege åra[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha kome seg på beina igjen, gjekk Alice Cooper på nytt i studio i 1980, denne gongen under ein ny profil. Han hadde lagt frå seg sjokkrock-alteregoet og stod fram i ny, korthåra, personleg figur. Med albumet Flush the Fashion som kom ut same året, kasta han seg på pønkbølgja utan å bli lagt særleg merke til. Verken albuma Special Forces frå 1981, Zipper Catches Skin frå 1982 eller DaDa frå 1983 resulterte i eit comeback for Alice, sjølv om sistnemnde album faktisk er blant eit av dei meir respekterte studioalbuma frå artisten. I nyare intervju har Alice sjølv sagt at han ikkje hugsar noko som helst frå den perioden. Viss han høyrer på songane i dag, klarar han ikkje ein gong å kjenne dei igjen. Alice var nær døden på byrjinga av åttitalet på grunn av eit stadig aukande misbruk av alkohol, og heldt på å omkome for andre gongen i løpet av livet sitt. Første gongen var som liten gutunge, då han vart råka av ein mystisk og ukjend sjukdom som gjorde han underærnert. Men med god hjelp frå kona og familie, klarte han òg denne gongen å kome til hektene att. I 1986 grov han fram alteregoet sitt igjen, men denne gongen i ny profil. Sidan albumet Constrictor kom ut i 1986, har Alice Cooper nemleg framstått som avhaldsmann og lovlydig, kristen, amerikansk statsborgar. Han laga tre songar for filmen Fredag den trettande del VI, men to av dei vart endra fordi filmmakeren følte dei var for harde. Den tredje songen, som vart teke med i sin fulle og heile versjonen, heitte «He's Back (The Man Behind the Mask)», og vart den største hitsingel til Alice på mange år. I 1987 følgde albumet Raise Your Fist and Yell, og han hadde verkeleg lagt seg på heavy metal-bølgja.

Det store «comebacket»[endre | endre wikiteksten]

I 1989 fekk verda eit brakande gjensyn med Alice Cooper, då han slapp albumet Trash og hitsingelen «Poison». Poison-songen vart mykje spelt på diskotek og radiokanalar verda over, og Alice hadde dermed gjort ny suksess rundt namnet sitt. Opptida fortsette med Hey Stoopid i 1991 og The Last Temptation i 1994. Alkoholproblema var borte for godt, og han profilerte seg blant anna som aktiv golfspelar på fritida. Ei rekkje verdsturnear vart gjort i same tidsrom, men så var det stille frå Alice Cooper-kanten heilt fram til år 2000. Igjen kom det ei rekkje meir anonyme album ut som mangla listeplasseringar av tyding, men fansen svikta han ikkje. Siste album vart gjeve ut i 2005, og etter dette albumet var han på verdensturne. Den 7. juni 2006 vitja han Tennishallen i Stavanger. Han har òg eit eige radioprogram som sender fem timar tre kveldar i veka, der han intervjuar andre kjende rockeartistar. Så trass ein alder av 61 år og eit langt og hardt liv bak seg som rockeartist, er han enno særs aktiv. Han har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Trivia[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum som band[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum som soloartist[endre | endre wikiteksten]

Offisielle samle- og konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

Medlemsoppsett[endre | endre wikiteksten]

  • 1977-1979
    • Alice Cooper (vokal)
    • Steve Hunter (gitar)
    • Dick Wagner (gitar)
    • Allan Schwartzberg (perskusjon)
    • Dennis Conway (perskusjon)
    • Pentti Glan (perskusjon)
    • Prakash John (bass)
    • Davey Johnstone (gitar)
    • Jefferson Kewley (gitar)
    • Bob Kulick (guitar)
    • Tony Levin (bass)
    • Fred Mandel (tangent)
    • Dee Murray (bass)
    • Mark Stein (tangent)
  • 1980-1983
    • Alice Cooper (vokal)
    • Duane Hitchings (bass)
    • Prakash John (bass)
    • Davey Johnstone (gitar)
    • Craig Kampf (perkusjon)
    • Richard Kolinka (perkusjon)
    • Mike Pinera (gitar)
    • Erik Scott (bass)
    • Jan Uvena (perkusjon)
    • Dick Wagner (gitar)
  • 1994-2002
    • Alice Cooper (vokal)
    • Teddy Andreadis (tangent)
    • Reb Beach (gitar)
    • Stef Burns (gitar)
    • Jimmy DeGrasso (perkusjon)
    • Eric Dover (gitar)
    • Todd Jensen (bass)
    • Ryan Roxie (gitar)
    • Derek Sherinian (tangent)
    • Eric Singer (perkusjon)
    • Greg Smith (bass)
    • Paul Taylor (tangent)
    • David Uosikkinen (perkusjon)
    • Chuck Wright (bass)
    • Pete Freezin' (gitar)
  • 2003-2006
    • Alice Cooper (vokal)
    • Eric Singer (perkusjon)
    • Chuck Garric (bass)
    • Damon Johnson (gitar)
    • Keri Kelli (gitar)
    • Ryan Roxie (gitar)
    • Tommy Clufetos (perkusjon)
    • Eric Dover (gitar)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Alice Cooper
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alice Cooper

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen Thomas Erlewine. «All Music: Alice Cooper». allmusic. http://www.allMusic.com/artist/alice-cooper-p3962/biography. Henta 23. oktober 2011.