Nojabrsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nojabrsk
Ноябрьск
Sentrum av Nojabrsk
Sentrum av Nojabrsk
Flagget til Nojabrsk Byvåpenet til Nojabrsk
Flagget til Nojabrsk Byvåpenet til Nojabrsk


Plassering
Nojabrsk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Jamalo-Nenetsk
Grunnlagd
Bystatus
1976
1982
Borgarmeister Nikolai Korobkov
Geografi
Flatevidd
 - By

191 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

109 900
  575,4 /km²
Koordinatar 63°12′00″N 75°27′00″EKoordinatar: 63°12′00″N 75°27′00″E
Høgd over havet 115 moh
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 629800–629811
Retningsnummer (tlf) (+7)3496
Nettstad: www.noyabrsk.ur.ru

Nojabrsk (russisk Ноя́брьск) er den største byen i det autonome området Jamalo-Nenetsk i Russland med om lag 110 000 innbyggjarar (2007). Byen ligg rundt 560 km søraust for Salekhard og 870 km nordaust for Tjumen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utsyn mot taigaen frå byens utkant

Nojabrsk er ein ung by og vart grunnlagd i 1976. I 1982 fekk han bystatus. Byen oppstod som følgje av utbygginga av oljefeltet «Kholmogorskoje». Det vart bygt jernbane fram til staden og oppført bustader for arbeidarane. Busetnaden voks opp rundt jernbanestasjonen Nojabrskaja og i oktober 1976 vart busetnaden Nojabrsk offisielt grunnlagt. Namnet kjem frå det russiske ordet for november: Ноя́брь – nojabr. Ved utgangen av same år hadde han 1 523 innbyggjarar. Busetnaden voks stadig vidare, og skular og gater vart bygt.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg midt i dei vestsibirske oljefelta og hovudnæringa er naturleg nok oljeutvinning. Selskapet Gazprom Neft er sterkt representert i området.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Nojabrsk lufthamn ligg seks kilometer vest for byen, med ruter til Moskva, Salekhard og fleire andre destinasjonar.

Byen ligg ved jernbanen TjumenNovyj Urengoj. Byen er delt i ein mindre sørleg del, Nojabrsk-I og ein større nordleg del, Nojabrsk-II. Kvar bydel har sin eigen jernbanestasjon, noko som gjennom åra har forvirra mange nye tilreisande. Jernbanelinja skil bustaddelen i byen frå industriområdA som tener oljefelta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nojabrsk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]