Jamalo-Nenetsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jamalo-Nenetskij avtonomnyj okrug
(Jamalia)  
Jamal-Nenetsia sitt flagg
Jamal-Nenetsia sitt våpen
Jamal-Nenetsia sitt flagg Jamal-Nenetsia sitt våpen
Jamal-Nenetsia på kartet over Russland
Hovudstad Salekhard
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 5.

750 300 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 72.

ca. 522 900[1] (2010)
ca. 0,70/km²

Føderalt distrikt Ural
Økonomisk region Vest-Sibir
Regionsnummer 89
Offisielt språk Russisk
Guvernør Dmitrij Nikolajevitsj Kobylkin
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0500


Jamalo-Nenetsk (russisk Ямало-Ненецкий автономный округ) er eit sjølstyrt distrikt (okrug) i Russland. Det er ein del av Tjumen oblast men er samstundes eit eige føderasjonssubjekt i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Salekhard, arealet er 750 000 km² og innbyggjartalet er 507 000 (2002). Den største byen er Nojabrsk.

Jamalo-Nenetsk ligg heilt nordvest på den sibirske sletta. I nord ligg Nordishavet. Her munnar elva Ob ut i ei nesten 1000 kilometer lang vik eller fjord, Ob-golfen. Området er for det meste lågland, men i vest omfattar det dei nordlegaste utløparane av Uralfjella - det høgste punktet er fjellet Pajer (1499 m.o.h.) Havet er frose store delar av året, og landskapet er for det meste tundra. Berre i sør finst det litt skog. Middeltemperaturen i januar er -25 grader celsius, i januar +7 grader celsius.

I 1962 vart det funne store petroleumsforekomster i Jamalo-Nenetsk. Over 90 % av all naturgass i Russland blir utvunnen her, og også mykje olje. Området er òg eit av dei områda i Russland der det blir drive mest reindrift, hovudsakleg av urfolka. Dessutan førekjem det ein del oppdrett av pelsdyr.

Grunna oljenæringa har Jamalo-Nenetsk hatt stor innvandring frå resten av Russland og utlandet òg. Dermed utgjer urfolket no berre ein liten del av folket. Dei største etniske gruppene er:[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området har vore busett av nenetsar iallfall sidan det første tusenåret e.Kr. På 1000-talet kom kjøpmenn frå Novgorod til dette området. Sidan rundt 1500 hevda herskarane i Moskva overherredøme, men først i 1595 vart det første russiske støttepunktet oppretta - festninga Obdorsk (dagens Salekhard). Utover 1700-talet utvikla dette seg til ein handelsplass der russiske handelsfolk bytte til seg pelsverk, fisk, elfenbein av mammut og kvalrosstenner.

Etter den russiske revolusjonen vart sovjetisk styre oppretta i april 1918. Det jamalo-nenetsiske nasjonale distrikt vart oppretta i 1930. I Stalin-tida fanst det fangeleirar som var del av gulag-systemet her, og slavearbeidskraft frå desse leirane bygde mellom anna ei jernbanelinje austover frå Salekhard.

Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart området eit av føderasjonssubjekta i den uavhengige russiske føderasjonen.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jamalo-Nenetsk

Jamalo-Nenetsk sine offisielle heimesider på russisk
Kommersant artikkel på engelsk