Salekhard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Salekhard
Салехард
Flagget til Salekhard Byvåpenet til Salekhard
Flagget til Salekhard Byvåpenet til Salekhard


Plassering
Salekhard is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Jamalo-Nenetsk
Grunnlagd
Bystatus
1595
1938
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

41 563
Koordinatar 66°32′″N 66°38′″EKoordinatar: 66°32′″N 66°38′″E
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 34922
Bilnummer 89
Nettstad: www.salekhard.org

Salekhard (til 1933 Obdorsk) er hovudstaden i Jamalo-Nenetsk nordvest i Sibir i Russland, ikkje langt unna der elvene Poluj og Ob møter kvarandre. Salekhard er den einaste byen i verda som ligg nøyaktig på polarsirkelen. Det bur om lag 40 000 menneske i byen (2008). Borgarmeister er Aleksandr Mikhailovitsj Spirin.

Salekhard er ein viktig hamneby langs breidda av Ob, og han har jarnbanesamband over Uralfjella til Vorkuta og vidare langs stambanen i republikken Komi til resten av det russiske jarnbanenettet. Byen har også flyplass.

I Salekhard er det fiskehermetikkindustri, skipsverft. Det kjem ut ei avis, Poljarnyj krug (Полярный круг). Det er avdelingar av fleire universitet i Salekhard.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Der Salekhard ligg har det tidlegare vore ein khanty-landsby Polnovat-Vozj (Полноват–вож). Dei russiske erobrarane grunnla landsbyen Obdorsk (Обдорск) i 1595. Området rundt Obdorsk danna Obdorsk krins i tsartida.

Obdorsk vart administrativt sentrum i Jamalo-Nenetsia 10. oktober 1930. Landsbyen fekk nytt namn i 1933 og bystatus i 1938.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Salekhard