Nordaust-India

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordaust-India
Statar Arunachal Pradesh, Assam, Manipur, Meghalaya, Mizoram, Nagaland, Sikkim, Tripura
Byar Guwahati, Agartala, Dimapur, Shillong, Aizawl, Imphal
Folketal 38 857 769
Tidssone IST (UTC+5:30)
Regionen markert på kart over India
Regionen markert på kart over India

Nordaust-India er den austlegaste regionen i India og er knytt til Aust-India av ein smal landkorridor mellom Nepal og Bangladesh. Det omfattar fleire mindre delstatar kjende som «dei sju systerstatane»: Arunachal Pradesh, Assam, Manipur, Meghalaya, Mizoram, Nagaland og Tripura, og Sikkim i Himalaya. Regionen grensar til Kina (Sør-Tibet) i nord, Myanmar (Burma) i aust, Bangladesh i sørvest og Bhutan i nordvest.

Statane i Nordaust-India.

Området utgjer rundt 8 % av den indiske landmassen. Dei om lag 39 millionar innbyggjarane i Nordaust-India utgjer rundt 3,1 % av den totale folkemengda i India, om lag like mykje som delstaten Odisha.

Statane har eit eige råd, North Eastern Council (NEC), og eit indisk utviklingsdepartement, Ministry of Development of North Eastern Region (MDONER). Bortsett frå Goalpara-regionen i Assam er alle statane nykomarar til India. Brahmaputradalaen i Assam blei del av Britisk India i 1824, og åsområda endå seinare. Fyrstestaten Sikkim blei del India etter ei folkerøysting i 1975 og blei teken med i Nordaust-regionen på 1990-talet.

Regionen har over 220 ulike folkegrupper som snakkar språk frå tre ulike språkfamiliar: Den indoariske, den sinotibetanske og den austriske. Assamesisk er eit stort språk som blir brukt som lingua franca av mange innbyggjarar. Andre større og offisielle språk er manipuri, sylheti, kak-borak, bengali, nepali og sikkimesisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.