Nordkapp
71°10′21″N 25°47′40″E / 71.17250°N 25.79444°E
Nordkapp (nordsamisk Davvenjárga) er ei klippe på Magerøya i Nordkapp kommune, heilt nord i Finnmark. Den 307 m høge, bratte klippa er ofte omtala som det nordlegaste punktet i Europa, sjølv om Knivskjelodden like ved når om lag 1380 m lenger nord.
Begge desse stadene ligg på øya Magerøya, noko som gjer at det nordlegaste punktet i Fastlands-Europa er Kinnarodden. Magerøya fekk fastlandssamband 15. juni 1999.
Historie[endre | endre wikiteksten]
På norsk heitte klippa opphavleg Knyskanes, men fekk namnet Nordkapp av den engelske utforskaren Steven Borough i 1553 då han passerte ho på leiting etter Nordaustpassasjen.[1]
Etter det blei ho sporadisk besøkt av våghalsar som tok seg opp det bratte terrenget. Mellom desse var kong Oskar II i 1873 og kong Rama V av Thailand i 1907. Under andre verdskrigen fann slaget ved Nordkapp stad den 26. desember 1943, om lag 60 nautiske mil nord av Nordkapp.
Kommunen stod for utbygging av veg til platået i 1956. Turistar kunne ta ferja frå Russenes til Honningsvåg og køyre dei siste 35 kilometrane.[2] Turistar frå cruiseskip gjekk i land i Hornvika.[2] Ilandstiginga flytta frå Hornvika til Skarsvåg i 1961.[2]
I dag er Nordkapp eit stort turistmål med eit eige turistsenter med utstillingar og film frå historia til staden. Platået blir årleg vitja av over 200 000 turistar.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Staden ligg på 25. austlege lengdegrad.
Galleri[endre | endre wikiteksten]
-
Midnattssol ved Nordkapp
-
Nordkapp med Knivskjelodden i bakgrunnen
-
Knivskjelodden sett frå Nordkapplatået
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Svein Askheim. «Nordkapp». Store norske leksikon. Henta 1. november 2017.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 John Gustavsen. «Nordkappsnø». Klassekampen. 2018-08-02. Siste side.