Nordkapp kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordkapp kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 2019
Fylke Finnmark
Adm.senter Honningsvåg
Areal 923 km²
Folkemengd 3 205 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-2011) Kristina Hansen (Ap)
Målform Nøytral
Nettstad www.nordkapp.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 2019.svg
Nordkapp kommune på Commons

Nordkapp er ein kommune i Finnmark. Han grensar i sørvest mot Måsøy, i sør mot Porsanger, og i søraust mot Lebesby kommune. Størsteparten av kommunen ligg på Magerøya, men han omfattar også delar av fastlandet på aust og vestsida av Porsangerfjorden. Kommunen heitte Kjelvik kommune fram til 1950.

Mesteparten av innbyggjarane i kommunen bur i Honningsvåg, andre tettstadar er Karmøyvær, Skarsvåg og Gjesvær.


Det kommunen er mest kjend for og som namnet kjem frå er Nordkapp, ei 307 meter høg klippe som vanlegvis er omtala som det nordlegaste punktet av Europa.

Årleg er det rundt 200 000 besøkjande turistar i løpet av sommaren. Knivskjellodden vest for Nordkapp ligg faktisk omtrent 1500 meter lengre nord, men dit er det ikkje bilveg.

Nordkapp vart fyrst namngjeten da den engelske oppdagaren Richard Chancellor runda klippa i 1553 under eit forsøk på å finne ei sjørute gjennom nordaustpassasjen.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Kjelvik/Nordkapp kommune frå 1920:

1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1971[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4]
3134a 3855a 3528a 4448a 5310a 5161a 4640a 3986 3505 3185
a Dette talet omfattar ikkje eit område som vart overført frå Måsøy kommune til Nordkapp kommune i 1984. Dette området hadde då 240 innbyggjarar.

Tettstader i kommunen[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar født i Nordkapp kommune[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nordkapp kommune

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Nordkapp 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.