Nore på Irland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nore
Nore i Kilkenny
Nore i Kilkenny
Utspring Devil's Bit Mountain i County Tipperary
Munning Det keltiske havet ved Waterford
Land i nedslagsfelt Irland Republikken Irland
Lengd 140 km

Nore (irsk An Fheoir eller Abhainn na Feoire) er ei av dei tre søsterelvane som renn ut i sjøen ved Waterford Harbour i Republikken Irland. Ho er 140 km og er kjend for det gode fiske etter laks og aure. Nore har sitt utspring på austsida av Devil's Bit Mountain i County Tipperary og renn søraustover gjennom County Laois og County Kilkenny før ho renn saman med Barrow like nord for New Ross. Eøva renn så nær Durrow i County Laois så gjennom Ballyragget, Kilkenny og landsbyane Bennettsbridge og Thomastown. Lenger sør dannar ho ein vakker V-dal, særleg nær landsbyen Inistiogue, der tidvassgrensa går. Dei største sideelvane til Nore er Dinin, Breagagh ved Kilkenny, King's River, Little Arrigle og Black Water.

Før den store hungersnøden gav elva vatn til mange fabrikkar i Noredalen, særleg mellom Kilkenny City og Thomastown. Dette var industriar som brygegri, ullvarefabrikkar, sagbruk, marmorfabrikkar, distilleri og kornmøller. Lin vart òg produsert like nord for Kilkenny.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]