Norske biland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Norsk Antarktis)
Gå til: navigering, søk
Dronning Maud Land i Antarktis

Norske biland er tre biland i Antarktis og Subantarktis som Noreg gjer krav på. Desse består av Dronning Maud Land i Antarktis og Peter I Øy, som begge er underlagt Antarktistraktaten, og den subantarktiske Bouvetøya, som ikkje er ein del av traktaten. Alle dei tre bilanda vert administrert av Polaravdelinga til Justisdepartementet i Oslo.

Dronning Maud Land er det klårt største av desse tre og består mellom anna av Kronprinsesse Märtha Kyst, Prinsesse Astrid Kyst, Prinsesse Ragnhild Kyst, Prins Harald Kyst og Kronprins Olav Kyst. Heile område er om lag 2 800 000 km². Det er om lag 17 % av heile Antarktis.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den 14. desember 1911 vart fem nordmenn leia av Roald Amundsen dei første i verda til å nå Sørpolen. Bouvetøya vart underlagt Noreg i 1927 (formelt i 1930) og vart i 1935 erklært eit naturreservat for sel. Peter I Øy vart gjort krav på i 1929 (formelt i 1931) og Dronning Maud Land vart formelt underlagt Noreg den 14. januar 1938.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]