Noteć

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Noteć
Munning Warta
Land i nedslagsfelt Flag of Poland.svg Polen
Lengd 388 km
Nedslagsfelt 17330 km²

Noteć (tysk Netze, latin Natissis) er ei elv sentralt i Polen og med ei lengd på 388 km er ho den sjuande lengste i landet. Nedslagsfeltet hennar er 17330 km². Ho er ei av sideelvane til Warta og ligg berre innanfor Polen sine grenser.

Ho renn ut av Kujaviskpommerske voivodskap, gjennom Storpolske voivodskap og Lubusz-voivodskapet, og munnar ut i Warta nær Gorzów Wielkopolski.

Netzedistriktet var eit område nær elva i Kongedømet Preussen frå 1772 til 1793.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]