Notodden kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Notodden kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Øvre Telemark
Sokn Notodden
Fellesråd Notodden
Type Langkyrkje
Arkitekt Dagfinn Morseth og Mads Wiel Gedde
Teknikk Mur
Material Teglstein
Innvigd 20. februar 1938
 - Endringar Rest. 2005
Klokker 3, O. Olsen & Søn
Kyrkjegard Nei
Altartavle Henrik Sørensen
Orgel E.F. Walcker
Sitjeplassar 330[1]
Diverse Kristusfigur av Stinius Fredriksen over inngangen og evangelistfigurar rundt døra
Kart
Notodden kyrkje
59°33′41″N 9°15′54″E / 59.56130278°N 9.26498611°E / 59.56130278; 9.26498611
Wikimedia Commons: Notodden kirke

Notodden kyrkje er ei langkyrkje frå 1938 i Notodden kommune i Telemark.

Arkitektane, Dagfinn Morseth og Mads Wiel Gedde, vann ein arkitektkonkurranse i 1932, men det tok nokre år før bygginga vart gjennomført. Kyrkja vart oppført i 1937–38 og innvigd 20. februar 1938. Den berande konstruksjonen er av tegl og stein,[2] og kyrkja har tilnærma basilikaform samt eit tilnærma frittståande klokketårn (kampanile). Lillestrøm kyrkje vart teikna av dei same arkitektane etter Notodden, men vart fullført før kyrkja på Notodden.

Altartavla er måla av Henrik Sørensen og viser ein blond kristusfigur.

Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja. Gravplassen på Notodden er nokre hundre meter nordvest for Notodden kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Dahle, Einar; Havran, Jiri (2008). «Lillestrøm kirke. Modernisme i rødt». Kirker i Norge, bind 6: Modernismen. 1900-tallet. Oslo: ARFO. s. 68-73. ISBN 978-82-91399-12-6. 
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 487. ISBN 82-7527-022-7. 
  • Notodden kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Notodden kyrkjelege fellesråd, medan Frantzen (2009), s. 23, anslår 450. I byrjinga hadde kyrkja 650 plassar, men dette har vorte redusert av branntekniske grunnar.
  2. Dahle og Havran (2008), s. 68: «Notodden kirke er bygget med bærende teglvegger og massive pillarer i solvågstein som bærer hovedskipets vegger.»