Novosibirsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Novosibirsk
Новосибирск
Novosibirsk
Novosibirsk
Flagget til Novosibirsk Byvåpenet til Novosibirsk
Flagget til Novosibirsk Byvåpenet til Novosibirsk


Plassering
Novosibirsk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Novosibirsk oblast
Grunnlagd 1893
Geografi
Flatevidd
 - By

503,1 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

1,391,900
  0 /km²
1 660 000
Koordinatar 55°01′″N 82°56′″EKoordinatar: 55°01′″N 82°56′″E
Høgd over havet 177 moh
Tidssone
- Ved sommartid
OMST (UTC+6)
OMSST (UTC+7)
Diverse annan informasjon
Postnummer 630xxx
Retningsnummer (tlf) +7 383
Bilnummer 54
Nettstad: www.novo-sibirsk.ru/

Novosibirsk (russisk Новосибирск) er den tredje største byen i Russland, og hovudstad i Novosibirsk oblast. Han har om lag 1,4 millionar innbyggjarar. Før 1925 heitte byen Novonikolajevsk (Новониколаевск). Byen er den største i den asiatiske delen av Russland, og ligg 3300 kilometer frå hovudstaden Moskva. Han er eit viktig senter for industri, kommunikasjon, vitskap og kultur.

Novosibirsk ligg ved elva ObDen vestsibirske sletta. I sør ligg Ukokplatået. Middeltemperaturen i januar er - 18,8 grader celsius, i juli + 19 grader celsius. Kulderekorden, frå 7. januar 1915, er på - 51,1 grader celsius.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tettstaden som utvikla seg til byen oppstod i 1893 ved staden der ei jernbanebru for den transsibirske jernbanen vart bygd over elva Ob. I 1895 fekk tettstaden namnet Novo-Nikolajevsk etter St. Nikolaj. Dette var òg namnet til tsar Nikolaj II. Brua opna for trafikk våren 1897. Byen vart enno viktigare då Turekstan-Sibir-jernbanen stod ferdig, som knytte Novosibirsk til Sentral-Asia og Kaspihavet.[1]

Jernbanestasjonen langs den transsibirske jernbanen i Novosibirsk

Då brua over Ob stod ferdig hadde Novo-Nikolajevsk 7800 innbyggjarar, og i 1903 fekk han bystatus. I 1906 vart den første banken i byen opna og i 1915 var det alt fem bankar. I 1907 hadde byen 47 000 innbyggjarar. I perioden før novemberrevolusjonen hadde byen 80 000 innbyggjarar og var eit stort kommersielt og industrielt senter med jordbruksindustri, kraftverk, jernverk, bankar, sju ortodokse kyrkjer, ei romersk-katolsk kyrkje, fleire kinoar, 40 grunnskular og fleire andre skular. Novo-Nikolajevsk var ein av dei første byane i Russland som innførte skuleplikt i 1913.[1]

Den russiske borgarkrigen sleit på byen med fleire utbrot av tyfus og kolera, som tok tusenvis av liv. Den kjende Ob-brua vart sprengd og for første gong i historia fall innbyggjartalet i byen. I desember 1917 tok kommunistane byen. I mai 1918 gjorde tsjekkoslovakiske krigsfangar motstand og i lag med Den kvite garden tok dei Novo-Nikolajevsk. Han vart gjenerobra av Den raude arméen i 1919.[1]

St. Aleksander Nevskij-kyrkja

Gjenoppbygginga av Novo-Nikolajevsk starta i 1921 ved starten av Den nye økonomiske politikken til Lenin. Han fekk namnet Novosibirsk i 1926.[1]. Same året vart han sentrum for provinsen Sibir kraj. I 1930 vart denne delt i Aust- og Vest-Sibir, og Novosibirsk vart hovudstad i Vest-Sibir, fram til provinsen Novosibirsk oblast vart oppretta i 1944.

Under Stalin si industrialiseringa av Novosibirsk vart han ein stor kommersiell by og eit av dei største industrisentra i Sibir. Fleire store fabrikkar låg her, mellom anna Sibkombain-verket, gruveutstyrsfabrikk, ein metallprosesseringsfabrikk, fabrikk for matproduksjon og andre fabrikkar, samt eit kraftverk. I 1932-1933, under den store sovjetiske svolten kom meir enn 170 000 flyktningar til Novosibirsk. Dei slo seg ned i brakker og skur i utkanten av byen og gav opphav til slumstrøk som Bojsjaja Nakhalovka, Malalja Nakhalovka og andre.[1]

Under den andre verdskrigen vart mykje industri evakuert til Novosibirsk frå dei vestlege delane av Sovjetunionen.

I 1954 vart det lagt trikkespor i Novosibirsk og på denne tida hadde han vorte den største byen i Sibir med 287 000 innbyggjarar. Året etter vart Kommunalnyj-brua bygd over Ob for å erstatte den første brua som var medverkande til grunnleggjinga av byen.[1]

For å handsame dei store folkemassane som flytta til byen i 1950-åra vart eit vasskraftverk for 400 000[2] kilowatt bygd nær Novosibirsk, som skapte eit enormt vassreservoar kalla Obsjøen. Kraftverket løyste derimot ikkje alle straumforsyningsproblema, men skapte i staden andre problem. Store frodige sletter og gamle furuskogar vart lagt under vatn, og på grunn av den nye store vassflata vart vinden kraftigare i området, noko som førte til større jorderosjon.[1]

Akademgorodok, vitskapssenteret i byen, vart bygd 30 km sør for sentrum i 1957 og vart senteret for den sibirske avdelinga av Vitskapsakademiet. Her kom det i løpet av kort tid 14 forskingsinstitusjonar og universitet, og danna i praksis ein ny by.

2. september 1962 nådde Novosibirsk ein million innbyggjarar. På denne tida var han den yngste millionbyen i verda, og det tok mindre enn 70 år for Novosibirsk å nå denne milepålen.[3]

I 1979 starta bygginga av Novosibirsk Metro og den første linja opna i 1985.[1]

Novosibirsk opplevde ein total solformøkring 1. august 2008 som varte 2 minutt og 20 sekund.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Novosibirsk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 AllSiberia
  2. http://www.utopiasprings.com/instnovo.htm
  3. Novosibirsk Mayor Office Web Site, City History Page. Novosibirsk Mayor Office. Vitja 13. februar 2008.

]