Nuruddin Farah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nuruddin Farah

Nuruddin Farah (fødd 1945) er ein somalisk forfattar av sakprosa, skjønnlitteratur og manus hovudsakleg på engelsk, i tillegg til å ha omsett verk frå ei rekke språk til somali. Verka hans tek opp konfliktane som oppstår i møtet mellom autoritære styresmakter, stammesamfunn, islam og marxisme. Farah har mellom anna tatt opp stillinga til kvinner i slike samfunn. Mange av bøkene hans er forma som spenningsromanar som tar opp politikk og deltaking og ansvar i samfunnet.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Farah var fødd i Baidoa i Italiensk Somaliland (då under britisk kontroll), i ein familie med nomadebakgrunn. Farah flykta til Mogadishu i 1963 på grunn av valdelege grensekonfliktar om seinare skulle bli til Ogaden-krigen. Han fekk utdanninga si ved Istituto di Magistrale di Mogadiscio og vidare ved universiteta i Colchester, London og Chandigarh i Panjab. Han drog deretter tilbake for å undervisa i Mogadishu, men måtte forlata Somalia att i 1974, då regimet mislikte den andre romanen hans. Han vende tilbake i 1996, men måtte snart forlata landet igjen på grunn av den pågåande borgarkrigen. Farah har hatt fleire akademiske stillingar i ulike verdsdelar før han slo seg ned i Sør-Afrika.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Farah gav ut sin første roman, From a Crooked Rib, i 1970, der han fortalde om nomadejenta Ebla som flykta frå eit arrangert ekteskap med ein eldre mann og finn ei spirande feministisk rørsle i Somalia. A Naked Needle frå 1976 handlar om ein enkel somalisk lærar som får livet sitt snudd opp ned då ein tidlegare kjæraste planlegg å koma tilbake frå England. Det var denne boka styret til diktatoren Siad Barre ikkje likte, og som gjorde at Farah måtte bu i eksil. Etter dette skreiv han ein trilogi som skildra styret til Barre, Variations on the Theme of an African Dictatorship. Desse verka blandar trekk frå vestleg litteratur, som spenningsromanen med ein tydeleg slutt, med ein afrikansk forteljartradisjon.

Sjølv om desse tidlege verka var blitt godt mottekne internasjonalt var det første boka i den neste trilogien, Maps frå 1986, som gjorde han kjent over heile verda. Boka handlar om Ogaden-krigen i 1977, og skildrar identitetsspørsmålet i eit postkolonialt samfunn gjennom bruk av forteljing i andre person. Dei neste bøkene i trilogien Blood in the Sun var Gifts (1993), som tar for seg dei psykologiske og kulturelle sidene ved gåvegjeving, Secrets (1998), som skildrar dei skamfulle løyndommane som øydelegg Somalia, og Knots (2007), om heimkomen til ei somalisk kvinne etter to tiår i utlandet.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Routledge Encyclopedia of Post-Colonial Literatures in English, Eugene Benson og L.W. Conolly (ed.),

London: Routledge, 1994. 2v.

  • The Oxford Companion to Twentieth-Century Literature in English, Jenny Stringer. Oxford University Press 1996. ,