Office for National Statistics

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Office for National Statistics (ONS) er ein britisk offentleg etat med ansvar for innsamling og publisering av statistisk materiale som er relevant for landets økonomi, befolkning og samfunn. Den eldre etaten General Register Office har blitt innlemma i ONS, som dermed òg er ansvarleg for å registrera fødslar, dødsfall og inngåtte ekteskap i England og Wales.

ONS blei oppretta 1. april 1996 ved at Central Statistical Office (CSO), Office of Population Censuses and Surveys (OPCS) og statistikkavdelinga i Department of Employment (som seinare er avskaffa) blei slått saman.

Hovudkontoret ligg i Pimlico i London. Det er òg kontor i Newport, Titchfield og Southport. Eldre register blir oppbevart i eit arkiv i Islington, der publikum kan lesa og kjøpa kopiar av dokument.

Kategori[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Office for National Statistics