Okhotsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Okhotsk
Охотск
by
Våpenskjold
Land  Russland
Fylke Khabarovsk kraj
Distrikt Okhotskij distrikt
Folketal 4 215
Grunnlagd 1647
Postnummer 682480
Kart
Okhotsk
59°23′00″N 143°18′00″E / 59.383333333333°N 143.3°E / 59.383333333333; 143.3
Wikimedia Commons: Okhotsk

Okhotsk (russisk skrift Охотск) er ein liten by (byliknande busetnad) i Khabarovsk kraj i Russland. Han har 4 215 innbyggjarar (folketeljing 2010) og er administrasjonssenter for Okhotskij-distriket.

Okhotsk ligg ved munningen av Okhotaelva ved Okhotskhavet. Byen ligg ved austenden av dei sibirske vassvegane, der Okhota-elva og Kukhtuj-elva dannar ei ei brukbar hamn mot havet. Okhotsk var den viktigaste russiske stillehavsbasen frå rundt 1650 til 1860, då Russland fekk kontroll over den søraustlege delen av Sibir (dagens Amur oblast).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kart over Okhotskoj ostrog (1737).

Okhotsk var den første russiske busetnaden ved kysten av Stillehavet. Staden blei grunnlagd som ein overvintringsleir i 1643 av kosakkane under Semjon Sjelkovnikov. I 1649 blei det bygd ein festning (ostrog) her. Peter den store sende ei gruppe skipsbyggjarar til Okhotsk i 1714 for å gjera frakt av pelsverk frå Kamtsjatka raskare. Gruppa bygde skipet «Vostok» i 1715, og i 1716–17 siglde Kozma Sokolov det til Kamtsjatka. Ruta gjorde Okhotsk til ein viktig hamneby, og i 1731 blei den russiske stillehavsflåten etablert her.

I 1736 blei Okhotsk flytta nokre kilometer nedstraums til eit nes ved munningen av Okhota og fekk ei skikkeleg hamn. Vitus Bering sine to stillehavsekspedisjonar i 1725–1729 og 1733–1742 førte med seg mange innflyttarar og førte til mykje byggeverksemd. Frå 1737 til 1837 var det eit eit saltverk vest for byen som blei drive som straffeleir. I 1827 blei det drive av 150 straffangar og rundt 100 vaktar.

Det russisk-amerikanske kompaniet blei skipa i 1799 med base i Okhotsk. I 1815 blei byen flytta til andre sida av Okhotaelva.


Okhotsk fekk mindre tyding på 1800-talet. På byrjinga av hundreåret blei den veksande byen Petropavlovsk-Kamtsjatskij viktare som hamneby. Hovudkvarterer for Det russisk-amerikanske kompaniet blei flytta sørover til Ajan i 1845. I 1849 vedtok guvernøren av Sibir, Nikolaj Muravjov-Amurskij, å flytta den sibirske flåten dit og andre statlege verksemder til Ajan. Då Russland fekk kontroll over Amur i 1860 blei sørlege område viktigare. Folketalet i Okhotsk gjekk ned frå 1660 i 1839 til 100 i 1865.

Kyrkje og trebygningar i Okhotsk fotografert i 1912.

I 1867 blei Russisk Amerika (Alaska) seld til USA. Amerikanske kvalfangarar hadde allereie jakta grønlandskval utanfor Okhotsk frå 1849.[1][2] Nokre av dei vitja også byen, og kunne også fiska laks i Okhotaelva.[1][3]

Mot slutten av den russiske borgarkrigen blei Okhotsk brukt som base av dei «kvite» generalane Vasilij Rakitin og Anatolij Pepeljajev under den jakutiske oppreisten.

Sidan 1981 har Okhotsk blitt brukt til å skyta opp rakettar.[4] Byen har i dag ei lita lufthamn, Okhotsk lufthamn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Arctic, of Fairhaven, Aug. 1853. In Gelett, C. W. (1917). A life on the ocean: Autobiography of Captain Charles Wetherby Gelett. Honolulu, Hawaii: Hawaiian Gazette Co., Ltd.
  2. Good Return, of New Bedford, July 27, 1849, Old Dartmouth Historical Society (ODHS); William Wirt, of New Bedford, June 3, 1854, Nicholson Whaling Collection (NWC); Cincinnati, of Stonington, Sep. 24-26, 1859, NWC; Sea Breeze, of New Bedford, Sep. 23, 1866, ODHS.
  3. Florida, of Fairhaven, Sep. 3, 8, 27, 1859, Sep. 5, 1860. In Williams, H. (1964). One whaling family. Boston, Houghton Mifflin.
  4. Okhotsk, henta 9. september 2016