Grønlandskval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grønlandskval

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: CR Kritisk truga

Grønlandskval på frimerke frå Færøyane
Grønlandskval på frimerke frå Færøyane

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Underrekkje: Virveldyr
Klasse: Pattedyr
Orden: Kvalar
Underorden: Bardekvalar
Familie: Rettkvalfamilien
Slekt: Balaena
Art: B. mysticetus
Vitskapleg namn
Balaena mysticetus

Grønlandskval, Balaena mysticetus, er ein bardekval i rettkvalfamilien. Kvalen finst berre i arktiske og subarktiske strøk. Han lever mykje av livet sitt i og ved pakkisen, og fylgjer iskanten sørover om vinteren. Arten har vore rekna som truga på verdsbasis etter kvalfangst, som tok til i Nordatlanteren rundt 1600. Den internasjonale kvalfangstkommisjonen freda arten heilt frå kommisjonen vart stifta i 1946. Bestanden i havområda rundt Beringstredet er no truleg tilbake på nivået han var før kvalfangsten begynte. Grønlandskval er difor ikkje lenger rekna som ein utrydningstruga art på verdsbasis. Det vert drive avgrensa fangst på grønlandskval av urfolksgrupper i Tsjukotka i Russland, i USA og i Canada.[1] Bestanden i havområda rundt Svalbard, mellom Grønland og Frans Josefs land, er derimot framleis kritisk truga. Det finst her truleg mindre enn 50 reproduserande individ. Det er anslått at den opphavlege bestanden, før 1600, var over 50 000 individ.[2]

Biokjemiske metodar for aldersfastsetjing tyder på at individ av grønlandskval kan bli over 100 år gamle. Dette er i så fall ein av dei høgste levealderane som er kjent hjå pattedyr.[1]

Utbreiingsområdet til grønlandskvalen

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  2. Artsdatabanken.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Grønlandskval