Ola Morten Græsli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ola Morten Græsli


Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. april 1980 (44 år)
Tydal
Idrett kombinert

Ola Morten Græsli (fødd 11. april 1980) er ein norsk tidlegare kombinertrennar og skihoppar frå Tydal og som representerte Tydal I.L. Han vart som best nummer to i eit verdscuprenn i desember 2005, og fekk med seg to sølvmedaljar og to bronsemedaljar frå to ulike noregsmeisterskap.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Græsli representerte Noreg i VM 2003 i Val di Fiemme. Der vart han nummer sju i halvprogrammet, og han deltok på det norske laget som enda på fjerdeplassen i lagkonkurransen.

I verdscupen oppnådde Græsli som best ein andreplass, i Ramsau i Austerrike den 18. desember 2005. Etter eit langrenn over 7,5 km skilde det eitt sekund mellom dei fire beste i tevlinga. Norske Magnus Moan sigra, medan Græsli slo franskmannen Jason Lamy-Chappuis og tyskaren Georg Hettich i spurten med høvesvis eitt og to tidels sekundar. Græsli hadde elles to andre pallplasseringar i verdscupen, begge tredjeplassar ei helg i Holmenkollen i mars 2003.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 2003: Nr 7 i ski-VM i Val di Fiemme, samt to tredjeplassar i Holmenkollen (halvprogram)
  • 2004: Nr 10 i Kuusamo - halvprogram
  • 2005: Nr 7 i Holmenkollen
  • 2005/06: Nr 2 i Ramsau

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]