Kombinert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
RR5219-0021R.png

Kombinert (eigl. kortform av kombinert langrenn og skihopp) er ein vinteridrett som er sett saman av to delar, hopp og langrenn. Det blir rekna som ein av dei nordiske greinene.

I kombinert blir prestasjonane til utøvaren i dei to greinene blir vekta mot kvarandre for eit endeleg resultat. Som regel bruker ein Gunder-metoden, ved at ein hopper først, og deretter går eit jaktstartløp i langrenssporet der bestemann i bakken startar først.

Prestasjonar av nordmenn[endre | endre wikiteksten]

Verdsmeisterskap og dei olympiske leikane føre andre verdskrig vart dominerde av nordmenn. Johan Grøttumsbråten, Thorleif Haug, Hans Vinjarengen og Oddbjørn Hagen var blant dei som vann mest. I nyare tid har Simon Slåttvik, Sverre Stenersen, Tormod Knutsen, Tom Sandberg, Fred Børre Lundberg og Bjarte Engen Vik vunne i OL. I verdensmeisterskapen dei siste åra kan ein nemna at Tom Sandberg vann i 1982, Torbjørn Løkken vann i 1987, Trond Einar Elden vann i 1989, Fred Børre Lundberg vann i 1991 og 1995 medan Bjarte Engen Vik vann VM i 1999 og i 2001.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.