Olden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om tettstaden i Stryn. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Olden (fleirtyding).
Olden
Inste delen av fjorden Nordfjord, Olden i midten, Loen til venstre  Foto: Sindre Jacobsen
Inste delen av fjorden Nordfjord, Olden i midten, Loen til venstre

Foto: Sindre Jacobsen

Geografi
Kommune Stryn
Fylke Sogn og Fjordane
Folkemengd[1] 507 (2012)
Folketettleik 633,8 /km²
Areal[1] 0,8 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer 60
Postnummer 6788 OLDEN
Innbyggjarnamn oldar
Kart
Olden is located in Sogn og Fjordane
61°50′41″N 6°48′21″EKoordinatar: 61°50′41″N 6°48′21″E

Olden er ein tettstad i Stryn kommune, inst i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Riksveg 60 går gjennom Olden sentrum, der vi også finn Olden Fjordhotell, kafe, matvarebutikkar, ei lang rekkje konfeksjonsutsal og kai for cruiseskip. Olden er ei av dei viktigaste turistskiphamnene på Vestlandet, med 74 anløp i 2009.

I Olden sentrum er det utsal for dei lokale motekledeprodusentane Ricco Vero, Sunde Konfeksjon og Moods of Norway, og for Skogstad Sport.

Den delen av Riksveg 60 som går frå Olden mot Innvik, er av Nettavisen og Norsk Transportarbeiderforbund kåra til Noregs verste veg, på grunn av dårleg standard kombinert med stor trafikkmengde og viktig funksjon som gjennomfartsåre.

Olden har færre gjestedøger enn nabotettstaden Loen, men trekkjer til seg vel så mange turistar til attraksjonane innover Oldedalen.

Oldedalen strekkjer seg sørover mot Briksdalsbreen, ei bretunge av Jostedalsbreen. Fylkesveg 724 går gjennom heile dalen. Oldevatnet ligg idyllisk mellom bratte fjellsider og høge fossefall. Langs heile Oldedalen ligg ei lang rekkje store og små campingplassar. I Briksdalen inst i Oldedalen er ein serveringsstad med stort souvernirutsal, og ein grusveg går vidare langs Briksdalselva inn mot Briksdalsbreen. Fram til 2005 vart det tilbydd hesteskyss opp til Briksdalsbreen, men etter nokre ulukker siste åra vart hesteskyssen erstatta av spesialbygde opne bilar.

Mineralvatnet «Olden» er frå ei kjelde frå Melkevollbreen, ei av bretungene i Oldedalen.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Olden
Spire Denne geografiartikkelen som har med Sogn og Fjordane å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.