Ole Tom Nord
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Tom Nord (fødd 27. november 1940) i Konsmo i Vest-Agder) er ein tidlegare skihoppar. Han representerte Øyslebø IL.
Nord vart noregsmeister i spesielt hopp i 1960. Han er den einaste sørlendingen som har vorte norsk hoppmeister.[1] Same året deltok han i Vinter-OL 1960 i Squaw Valley, der han vart nummer 23. Han deltok i den tysk-austerrikske hoppveka i 1960/61 og 1963/64, med 8. plassen i Bischofshofen 6. januar 1964 som beste resultat.
Innhaldsliste |
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn [endre]
- 1960: Nr 6 i Svenska Skidspelen i Transtrand
- 1960/61: Nr 10 i Oberstdorf
- 1964: Nr 8 i Bischofshofen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap [endre]
- 1960: Gullmedalje i Nedre Eiker
- 1961: Nr 5 på Røros
- 1964: Nr 5 på Voss
- 1965: Nr 6 i normalbakken i Oslo
- 1966: Nr 6 i normalbakken på Rena
Notar [endre]
- ↑ Arne Thoresen: Lengst gjennom lufta. Versal Forlag, Oslo 2007. ISBN 978-82-8188-030-6. s. 126, 335
Kjelder [endre]
- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Arne Thoresen: Lengst gjennom lufta. Versal Forlag, Oslo 2007. ISBN 978-82-8188-030-6
Bakgrunnsstoff [endre]
- Sports-Reference.com: Ole Tom Nord
- FIS-biografi