Olesjkyjsanden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°35′N 33°03′E
Olesjkyjsanden
Олешківські піски
sandområde
none  Sentrale område i Olesjkyjsanden om våren
Sentrale område i Olesjkyjsanden om våren
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Kherson oblast
Rajon Tsiurupynsk rajon
By Nova Kakhovka
landemerke Undergrunnssjø
elv Dnepr
koordinatar 46°35′N 33°03′E
Areal 1 612 km²
Folketal 0
Tidlegare bruksområde Bombeområde for luftforsvaret
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg

Olesjkyjsanden (ukrainsk Олешківські піски) er det største sandområde i Ukraina[1]. Han ligg innanfor kysten av Svartehavet og består av sanddyner eller kutsjuhury (lokalt), som når ei høgd på fem meter. Det finst noko spreidd vegetasjon i sanden.

Olesjkyjsanden ligg i Tsiurupynsk rajon, Kherson oblast, 30 km aust for Kherson. Det tidlegare namnet på Tsiurupynsk var Olesjkyj. Før Krim-khanatet vart annektert i Russland på slutten av 1700-talet høyrte området til dei nomadiske Nogai-hordane, særleg Djambuilut-horden.

Under Sovjetunionen vart sandområdet nytta som bombeområdet for pilotar i Warszawapakta. Framleis er det mogeleg å finne udetonert skyts.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stundom vert Olesjkyjsanden rekna som den største ørkenen i Europa, men den største sandørkenen i Europa er Rynørkenen (40 000 km²), 20 gonger stgrre

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]