Olga Bryzjina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olga Bryzjina


Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 30. juni 1963 (60 år)
Krasnokamsk
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Ordenen folkenes vennskap, «Arbeidets helt«-medaljen, 2. klasse av Ordenen for fortjenester, Idrettens mester i Sovjetunionen

Olga Arkadjevna Bryzjina, fødd Vladykina, (fødd 30. juni 1963) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Krasnokamsk i Perm kraj som representerte Sovjetunionen til 1991 og sidan Ukraina. Ho vart verdsmeister på 400 meter i 1987 og olympisk meister i 1988, dessutan vann ho sølvmedaljar på same distansen ved EM 1986 og OL 1992. Ved OL 1988 og 1992, samt VM 1991 deltok ho på dei sovjetiske laga som vann gull i 4 x 400 m stafett. Bryjzina sin personlege rekord på 48,27 sekundar gjev henne fjerdeplass på verdsstatistikken.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Olga Vladykina fekk sitt gjennombrot då Marita Koch 6. november 1985 i Canberra sette den gjeldande verdsrekorden på 400 meter med 47,60 sekundar. Vladykina var den einaste som heldt fylgje halvvegs, og ho tok andreplassen i tevlinga med personleg rekord på 48,27. Året etter var ho sjanselaus på å fylgje Koch under friidretts-EM i Stuttgart, men kapra sølvmedaljen.

Olga Bryzjina tok si fyrste gullmedalje då ho vann 400 m i Roma-VM 1987, med tida 49,38 var ho over eit halvt sekund føre austtyske Petra Müller på sølvplassen. På den lange stafetten sprang Bryzjina Sovjetunionen inn til sølv, eit lite sekund på vinnarlaget frå Aust-Tyskland. Under sommarleikane 1988 var Bryzjina i ei eiga klasse då ho vann 400 m og sette olympisk rekord på 48,65 sekundar, atter fekk Müller sølvmedaljen, 0,80 sekund bak Bryzjina. I 4 x 400 m stafett sprang Bryzjina ankeretappen for Sovjetunionen og etter ein tett strid med USA si ankerkvinne, Florence Griffith-Joyner, passerte ho målstreken på 3,15,17, verdsrekord også i 2016. Dei andre på vinnarlaget var Tazzjana Lajovskaja, Olga Nazarova og Marija Pinigina.

I friidretts-VM 1991 i Tokyo hamna Bryzjina utanfor pallen på 400 m, 0,04 sekund etter bronsemedaljøren Sandra Meyers som representerte Spania. Derimot vann ho eit nytt stafettgull, saman med Ljadovskaja, Ljudmila Dzjigalova og Nazarova. I sitt siste store meisterskap, Sommar-OL 1992 i Barcelona, vann Bryzjina sølvmedaljen på 400 m, med tida 49,05 var ho 0,22 sekund etter den olympiske meisteren, franske Marie-José Pérec. Avslutningsdagen fekk Bryzjina gleda av å springe seg og lagkameratane Jelan Rusina, Dzjigalova og Nazarova i mål til olympisk gull, hennar tredje.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1986 i Stuttgart: Sølvmedalje på 400 – 49,67, bakom Marita Koch (48,22)
  • VM 1987 i Roma: Gull på 400 m – 49,38, sølv i 4 x 400 m stafett
  • OL 1988 i Seoul: Gullmedaljar på 400 m – 48,65 og i 4 x 400 m stafett (3.15,17)
  • VM 1991 i Tokyo: Gullmedalje i 4 x 400 m stafett (3.18,4). Nr 4 på 400 m – 49,82
  • OL 1992 i Barcelona: Sølv på 400 m – 49,05, gull i 4 x 400 m stafett (3.20,2)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]