Oljeberget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oljeberget
جبل الزيتون, الطور, Jabal az-Zaytūn, Aț-Țūr, הַר הַזֵּיתִים, Har HaZeitim
fjell
Flyfoto av Oljeberget
Land  Israel
Distrikt Jerusalem distrikt
Del av Jerusalem-åsene
Fjellkjede Judeafjella
By Jerusalem
Høgd 826 moh.
Koordinatar 31°47′00″N 35°15′03″E / 31.78333°N 35.25083°E / 31.78333; 35.25083
Kart
Oljeberget
31°46′41″N 35°14′44″E / 31.777946°N 35.245686°E / 31.777946; 35.245686
Wikimedia Commons: Mount of Olives

Oljeberget (arabisk جبل الزيتون, الطور, Jabal az-Zaytūn, Aț-Țūr; hebraisk הַר הַזֵּיתִים, Har HaZeitim) er ein fjellkam aust for og like ved Gamlebyen i Jerusalem.[1] Han er kalla opp etter olivenlundane som ein gong dekte fjellsida. Den sørlege delen av fjellet var nekropolis for det gamle judeiske kongedømet.[2] Fjellet har blitt nytta som jødisk gravplass i over 3 000 år og har kring 150 000 graver, noko som gjer han sentral i tradisjonen kring jødiske gravplassar.[3] Fleire viktige hendingar i livet til Jesus som vert fortalt i Evangelia fann stad på Oljeberget, og i Apostelgjerningane er han som skildra som staden der Jesus steig til himmelen. Fordi det er knytt til både Jesus og Maria, har Oljeberget vore heilag kristen stad sidan antikken og er i dag ein stor pilegrimsstad for ortodokse, katolikkar og protestantar.

Absalomgrava
Sakarjagrava
Oljeberget kring 1899

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Oljeberget er ein av tre toppar på ein fjellkam som går over 3,5 km like aust for Gamle Jerusalem over Kidrondalen, i området kalla Josaphatdalen. Toppen i nord er Scopusfjellet, på 826 moh, medan toppen i sør er Korrupsjonsfjellet, på 747 moh. Det høgaste punktet på Oljeberget er at-Tur, på 818 moh.[4] Ryggen fungerer som eit vasskilje, og austsida er byrjinga av Judeaørkenen.

Ryggen er danna av oseanisk sedimentær bergart frå sein krittid, og består av mjukare kalk og ein hardare flint. Kalken er letta bryte, men er ikkje høvande for bygging, så fjellet har aldri blitt utbygd, og i staden finst det mange menneskeskapte holer i fjellet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå bibelsk tid til i dag har jødar blitt gravlagd på Oljeberget. Nekropolisen på sørsida, der den landsbyen Silwan ligg i dag, var gravstaden til dei viktigaste borgarane i tidal kring perioden kring dei bibelske kongane.[2] Det er estimert at det er 150 000 graver på fjellet, inkludert graver tradisjonelt knytt til Sakarja og Absalom. I den øvre sida ligg gravenen ti prfetane Haggai, Sakarja og Malakhi. Kjende rabbiar som ligg gravlagd her er mellom anna Chaim ibn Attar og andre frå 1400-talet og frametter.

Romersk soldagar frå den 10. legionen slo leir på fjellet under omleiringa av Jerusalem i år 70 evt. Den religiøse seremonien som markerer starten på ein ny månad vart halden på Oljeberget i dagane kring Det andre tempelet.[5] Etter øydelegginga av Tempelet feira jødane festivalen Sukkot på Oljeberget. Dei gjorde pilegrimsreiser til Oljeberget fordi han var 80 meter høgare enn Tempelhøgda og ein fekk panoramautsyn over Tempelet. Han vart ein tradisjonell stad for å sørge over øydelegginga av Tempelet, særleg på Tisha B'Av.[5]

Statsminister i Israel Menachem Begin bad om å bli gravlagd på Oljeberget nær grava til Etzel-medlem Meir Feinstein, i staden for nasjonalgravplassen på Herzlfjellet.[6]

Status etter 1948[endre | endre wikiteksten]

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, forplikta Jordan seg innafor rammene i våpenkvileavtalen den 3. april 1949 å gje «fri tilkomst til dei heilage stadane og kulturelle institusjonane og bruk av gravplassane på Oljeberget.» Under den 19 år lange jordanske okkupasjonen av Vestbreidda, vart ikkje dette kravet halde. Ikkje-israelske, kristne pilegrimar fekk lov å vitje berget, men jødar frå alle land, og dei fleste ikkje-jødiske israelarar vart hindra frå å gå inn i Jordan og kunne derfor ikkje vitje området.[7][8][9]

Mot slutten av 1949 og gjennom tida Jordan hadde kontroll over området, fjerna somme arabiske innbyggjarar gravsteinar og pløydde område på gravplassen, og det er estimert at 38 000 gravsteinar vart øydelagde. I denne perioden vart det laga fire vegar gjennom gravplassen, noko som mellom anna øydela gravene til kjende personar.Kong Hussein av Jordan tillet å bygge Intercontinental Hotel på toppen av Oljeberget i lag med ein veg som skar gjennom gravplassen og øydela hundrevis av jødiske graver, somme frå tida kring Det første tempelet. Graver vart òg øydelagde for ein parkeringsplass og bensinstasjon,[10][11][12] og vart til og med nytta som latriner for ein forlegning for den jordanske hæren.[13][14][15][16][17]

Etter seksdagarskrigen i 1967 og den israelske okkupasjonen av Aust-Jerusalem, byrja styresmaktene restaureringsarbeidet og gjenopna gravplassen for graferder.

Religiøs tyding[endre | endre wikiteksten]

I jødisk religion[endre | endre wikiteksten]

kong David si tid var dette ein stad ein pleidde å tilbe Gud.[18]

Det Gamle Testamentet fortel at profeten Sakarja i et syn såg at Herren sjølv skulle kome ned til jorda for å dømme ved å setje foten sin på Oljeberget.[19] Dommedag vil altså starte ved at Gud kjem til Oljeberget.

I kristendommen[endre | endre wikiteksten]

Det Nye Testamentet fortel at Kristi himmelfart skjedde frå Oljeberget.[20] Deretter kom ein engel til Jesu apostlar, og forklarte at Jesus skal kome tilbake på same måte som han forlet jorda. Dommedag vil altså starte ved at Jesus kjem tilbake til Oljeberget.

Då Jesus frå Nasaret underviste i Jerusalem hadde han byen Betania, som låg ved foten av Oljeberget, som basen sin.[21] Truleg budde han hos venen sin Lasarus. Fleire av dei mest kjende talane til Jesus vart halde på Oljeberget, mellom anna talen om dei siste tider.[22]

Hagen Getsemane, kjent som staden der Jesus Kristus var før han vart krossfesta, ligg ved foten av Oljeberget.

Oljeberget i dag

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. This is Jerusalem Menashe Har-El, Kanaan Publishing House, Jerusalem, 1977, s. 117
  2. 2,0 2,1 The Necropolis from the Time of the Kongedømet Judea at Silwan, Jerusalem, David Ussishkin, The Biblical Archaeologist, Vol. 33, No. 2 (May, 1970), s. 33-46
  3. International committee vows to restore Oljeberget, Ynet.
  4. Hull, Edward (1885). Mount Seir, Sinai and Western Palestina. Richad Bently and Son, London. s. 152. 
  5. 5,0 5,1 Har-el, Menashe (1977). This is Jerusalem. Jerusalem: Kanaan. s. 120–123. 
  6. Sheleg, Yair (4. juli 2007). «The good jailer». Haaretz. Henta 4. oktober 2014. 
  7. To Rule Jerusalem By Roger Friedland, Richard Hecht, 2000, s. 39, «Tourists entering East Jerusalem had to present baptismal certificates or other proof they were not Jewish.»
  8. Thomas A Idinopulos, Jerusalem, 1994, s. 300, «So severe were the Jordanian restrictions against Jews gaining access to the old city that visitors wishing to cross over from west Jerusalem...had to produce a baptismal certificate.»
  9. Armstrong, Karen, Jerusalem: One City, Three Faiths, 1997, «Only clergy, diplomats, UN personnel, and a few privileged tourists were permitted to go from one side to the other. The Jordanians required most tourists to produce baptismal certificates — to prove they were not Jewish ... .»
  10. Bronner, Ethan; Kershner, Isabel (10. mai 2009). «Parks Fortify Israel's Claim to Jerusalem». The New York Times. Henta 27. mars 2010. 
  11. «Fact Sheets #8 – Jerusalem». Jewish Virtual Library. 19. mai 2005. Henta 4. oktober 2014. 
  12. Nadav Shragai, The Mount of Olive under Jordanian Rule Arkivert 2012-04-01 ved Wayback Machine., JCPA 2009 and references
  13. Alon, Amos (1995). Jerusalem: Battlegrounds of Memory. New York: Kodansha Int'l. s. 75. ISBN 1-56836-099-1. «After 1967, it was discovered that tombstones had been removed from the ancient cemetery to pave the latrines of a nearby Jordanian army barrack.» 
  14. City of Stone, Meron Benvenisti. Books.google.com. Henta 4. oktober 2014. 
  15. Letter dated 5th March 1968 from the permanent representative of Israel to the United Nations addressed to the Secretary General Arkivert 2011-05-15 ved Wayback Machine., Ref: S/8439, March 6, 1968.
  16. Har-El, Menashe. Golden Jerusalem, Gefen Publishing House Ltd, 2004, s. 126. ISBN 965-229-254-0. “The majority (50 000 of the 70 000) was desecrated by the Arabs during the nineteen years of Jordanian rule in eastern Jerusalem.”
  17. Tessler, Mark A. A Historie of the israelske-palestinsk conflict, Indiana University Press, 1994. s. 329. ISBN 0-253-20873-4.
  18. 2.Samuelsbok 15,30-32
  19. Profeten Sakarja kapittel 14
  20. Apostlgjerningane 1,6-12
  21. Evangeliet etter Johannes 8,1
  22. Evangeliet etter Matteus kapittel 24 og 25

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]