Olonets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Olonets
Олонец
Byvåpenet til Olonets
Byvåpenet til Olonets


Plassering
Olonets is located in Russland
Olonets is located in Karelia
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Karelia
Grunnlagd 1137
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

9 342
Koordinatar 60°59′″N 32°58′″EKoordinatar: 60°59′″N 32°58′″E
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 186000
Retningsnummer (tlf) +7 81436
Bilnummer 10
Nettstad: olonets.onego.ru/

Olonets (russisk Олонец, finsk Aunus, karelsk Anus) er ein by i republikken Karelia i Russland med om lag 9000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Olonka, aust for Ladoga.

Olonets er den eldste dokumenterte busetnaden i Karelia, nemnt i kjelder frå Novgorod så tidleg som 1137. Historia til byen er uklår fram til 1649, då ei festning vart bygt der for å verne Storfyrstedømet Moskva mot svenskane. Same år fekk staden byrettar. Fram til den store nordiske krigen utvikla Olonets seg som ein leiande marknad for russisk handel med Sverige. Sørover frå byen strekte det seg eit belte med festningskloster, der Aleksander-Svirskij klosteret var det viktigaste.

På 1700-talet endra Olonets fokus frå handel til jernindustri. I 1773 vart byen hovudstad i Olonets gubernija. Elleve år seinare vart den regionale hovudstaden flytta til Petrozavodsk og Olonets vart mindre viktig.

Dagens Olonets er rekna som ein av dei historiske byane i Karelia og det er den einaste byen i republikken der karelar er i fleirtal (over 60% pr. 2004). I 1999 feira byen 350-års jubileum.