Den store nordiske krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den store nordiske krigen
Del av russisk-svenske krigar, polsk-svenske krigar og dansk-svenske krigar
300px
Den store nordiske krigen. Med klokka frå toppen: Slaget ved Poltava, slaget ved Hangöudd, Slaget ved Narva, slaget ved Gadebusch og slaget ved Storkyro
Dato Februar 1700–1721
Stad Europa
Krigsårsak Tsardømet Russland og Sverige kjempa om hegemoniet i Aust-Europa.
Resultat Koalisjonssiger

Tsardømet Russland markerte seg som ei ny stormakt i Europa. Polen-Litauen vart mindre viktig.

Endringar i landområde Russland tok dei tre svenske områda Estland, Livland, Ingermanland og delar av Kexholm og Vyborg. Preussen fekk delar av Svensk Pommern. Hannover fekk Bremen-Verden. Det danske kongehuset fekk kontroll over Schleswig-Holstein som eit hertugdøme under kongen.
Partar
Flagget til Sverige Det svenske imperiet
Wappen Herzogtum Holstein 1703.gif Holstein-Gottorp
Polen-Litauen (1704–09)
lenkje={{{namn}}} {{{namn}}} (1710–14)
Flag of the Cossack Hetmanat.svg Det kosakkiske hetmanatet (1708–1709)
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia (1700, 1719–)
Flagget til Russland Tsardømet Russland
Flagget til Danmark Danmark–Noreg
(1700, 1709–)
Flag of Electoral Saxony.svg Kurfyrstedømet Sachsen
(1700–06, 1709–)
Polen-Litauen
(1700–04, 1709–)
Flag of the Cossack Hetmanat.svg Det kosakkiske hetmanatet (1700–1708)
Flag of the Kingdom of Prussia (1701-1750).svg Preussen (1715–)
Flagget til Hannover Hannover (1715–)
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia (1717–1719)
Kommandantar
Flagget til Sverige Karl XII  
Flagget til Sverige Rehnskiöld
Flagget til Sverige Stenbock
Flagget til Sverige Lewenhaupt
Wappen Herzogtum Holstein 1703.gif Fredrik IV  
Stanisław Leszczyński
Flagget til Det osmanske riket Ahmed III
Flag of the Cossack Hetmanat.svg Ivan Masepa
Flagget til Russland Peter den store
Flagget til Russland Aleksandr Mensjikov
Flagget til Russland Sjeremetev
Flagget til Danmark Fredrik IV
Flagget til Sachsen
August den sterke
(personalunion)
Flagget til Preussen Fredrik Wilhelm I
Flagget til Hannover
Det britiske flagget
Georg I
(personalunion)
Styrkar
77 000–393 400
77 000–135 000 svenske soldatar over heile landet, inkludert garnisonar og milits
(respektive 1700 og 1707)
100 000–200 000 osmanarar (deltok berre i eitt slag og var passive resten av krigen)
8 000–40 000 kosakkar
16 000 polakkar (1708)
Minst 360 000
170 000 russarar (mot svenskane, garnisonar er ikkje medrekna)
+40 000 danskar/nordmenn
+100 000 polakkar og saksarar (på det meste)
rundt 50 000 (42 regiment) prøyssarar
ukjende mengder frå Hannover[1][2]
Tap
Om lag 25 000 svenskar mista livet i kamp, estimert 175 000 mista livet i svolt, sjukdom og utmatting.[3] Ukjend.
Minst 75 000 russarar, 14 000–20 000 polakkar og saksarar, 8 000 danskar drepne i dei store slaga, 60 000 danskar totalt mellom 1709–1719.[4]

Den store nordiske krigen (1700–1721) var ein storkrig der ein koalisjon av mange statar klarte å stå imot den svenske overmakta nord i Sentral- og Aust-Europa. I starten bestod alliansen mot Sverige av Peter den store frå Russland, Fredrik IV frå Danmark-Noreg og August den sterke frå Sachsen-Polen-Litauen. Fredrik IV og August den sterke vart tvungne ut av alliansen i respektive 1700 og 1706, men kom inn att i 1709. Georg I av Braunschweig-Lüneburg (Hannover) slo seg saman med koalisjonen i 1714 for Hannover og 1717 for Storbritannia og Fredrik Wilhelm I frå Brandenburg-Preussen i 1715. På den svenske sida var Holstein-Gottorp, mellom 1704 og 1710 fleire polske og litauiske magnatar under Stanisław Leszczyński og mellom 1708 og 1710 kosakkar under Ivan Masepa. Det osmanske riket støtta ei kort stund Karl XII av Sverige og gjekk til kamp mot Peter den store.

Krigen starta med eit tredobbelt åtak der Danmark-Noreg gjekk inn i Holstein-Gottorp, Sachsen-Polen-Litauen tok Svensk Livland og Russland tok svenske Ingermanland. Sverige kom seg unna det dansk-norske og russiske åtaket ved Travendal og Narva og med ein motoffensiv pressa dei styrkane til August den sterke gjennom Litauen og Polen til Sachsen, og kasta August av trona på vegen og tvinga han til å godta nederlaget i Altranstädt. Peter den store hadde samstundes kome seg på fote att og vann terreng i dei svenske provinsane i Baltikum, der han styrkte tilkomsten Russland fekk til Austersjøen med å grunnleggje St. Petersburg. Karl XII flytta frå Sachsen og gjekk inn i Russland for å møte Peter, men felttoget enda med at den svenske hovudarmeen vart utsletta i Poltava og Karl XII hamna i eksil i osmanske Bender. Russarane følgde etter han, men vart stogga ved Pruth av den osmanske armeen.

Etter Poltava, vart den opphavlege koalisjonen mot Sverige gjenoppretta og med seg fekk dei Hannover og Preussen. Dei gjenverande svenske styrkane sør og aust for Austersjøen vart driven ut frå dei svenske maktområda, som dei alliere delte seg i mellom. Sjølve Sverige vart invadert av Danmark-Noreg frå vest og Russland frå aust. Sjølv om dei danske åtaka vart slått attende, klarte Russland å okkupere Finland og påførte den svenske marinen og kystforta deira store tap. Karl XII starta ein front mot Noreg, men vart drepen i Fredriksten i 1718.

Krigen enda med nederlag for Sverige, og Russland vart den nye stormakta i Austersjøen og ei viktig brikke i europeisk politikk. Den formelle avsluttinga på krigen vart markert med den svensk-hannoveranske og svensk-prøyssiske Stockholm-traktaten (1719), den dansk-svenske Fredriksborg-traktaten (1720) og den russisk-svenske Nystad-traktaten (1721). Her avstod Sverige fritakinga frå Öresundtollen, alle maktområda deira bortsett frå nordlege delar av Svensk Pommern og braut banda med Holstein-Gottorp. Hannover fekk Bremen-Verden, Brandenburg-Preussen fekk Oder-estuaret, Russland sikra seg provinsane i Baltikum og Danmark fekk Schleswig-Holstein. I Sverige hadde eineveldet kome til ein slutt då Karl XII døydde og fridomstida starta.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1560 og 1658 skapte Sverige eit baltisk rike rundt Finskebukta som bestod av provinsane Karelen, Ingermanland, Estland og Livland. Under trettiårskrigen fekk Sverige òg område i Tyskland, mellom anna det vestlege Pommern, Wismar, Hertugdømet Bremen og Verden. I same periode erobra Sverige dei dansk-norske provinsane nord for Øresund (1645; 1658). Desse sigrane kan tilskrivast den gode armeen til Sverige, som sjølv om han var langt mindre enn dei kontinentale armeane, var langt meir profesjonelle og betre trent. Særleg klarte dei å avfyre skota sine raskare enn fienden på grunn av dyktig eksersis.

Dei svenske styresmaktene klarte ikkje å støtte og oppretthalde armeen sin i den lange krigen. Felttoga på kontinentet vart sett i gang på grunnlag av at armeen kunne vere sjølvforsørgande gjennom plyndring og skattlegging av dei nyvunne områda. Prisen for krigføringa viste seg derimot å vere langt høgare enn det dei okkuperte landa kunne klare å betale og dei svenske pengeskrina gjekk tomme.

Sverige blanda seg inn i Russland under den store urotida og fekk gevinst i Stolbovo-traktaten (1617), som gjorde at Russland ikkje lenger hadde direkte tilkomst til Austersjøen. Dette gjorde igjen at Russland ikkje var i stand til å utfordre det svenske hegemoniet i regionen. Lukka til russarane snudde seg på andre halvdel av 1600-talet, først og fremst då Peter den store kom til makta. Han ønskte å vinne attende områda russarane tidlegare hadde tapt og ønskte å få tilkomst til Austersjøen att. Seint i 1690-åra klarte eventyraren Johann Patkul å alliere Russland med Danmark og Sachsen via Preobrazjenskoje-traktaten og i 1700 gjekk dei tre statane til åtak.

Stridande partar[endre | endre wikiteksten]

Svenskane[endre | endre wikiteksten]

Karl XII av Sverige[nb 1] etterfølgde Karl XI av Sverige i 1697, 14 år gammal. Frå føregangaren overtok han Det svenske imperiet som ein einveldig monark. Karl XI hadde prøvd å halde imperiet borte frå krigar og konsentrerte seg om reformer innariks som reduksjon og inndelingsverket, som hadde styrkt statusen til monarken og den militære dugleiken til imperiet. Karl XII såg på seg sjølv i same tradisjon som riddarane i mellomalderen og var kjend for å vere rettferdig og mislike den barokke levemåten, som alle former for luksus, alkohol og bruk av fransk språk.[treng kjelde] I staden føretrekte han å leve som ein vanleg soldat på hesteryggen borte frå dei vanlege barokke hoffmiljøa. På uaktsamt vis strevde han etter å ha avsette motstandarane sine. Han såg på desse som uverdige for tronene sine fordi dei hadde brote lovnader dei i mellom, og han avslo fleire tilbod om å gjere fred med dei. Denne haldninga vart rekna som stor av somme, og galskap av andre. Det er usikkert kva retning kula som tok livet av han i 1718 kom frå. Under krigen var den viktigaste svenske kommandanten ved sidan av kongen den nære venen Carl Gustav Rehnskiöld, samt Magnus Stenbock og Adam Ludwig Lewenhaupt.

Fredrik IV av Holstein-Gottorp og søskenbarn av Karl XII,[nb 1] var gift med Hedvig Sophia, dotter til Karl XI av Sverige, i 1698. Sonen hans og etterfølgjaren frå 1702, Karl Fredrik gjorde krav på den svenske trona då Karl XII døydde, men måtte avstå kravet til Ulrika Eleonora. Han var gift med dotter til Peter den store, Anna Petrovna.

Ivan Masepa var ein kosakkisk hetman som kjempa side om side med Peter den store, men i 1708 hoppa han over til Karl XII. Han døydde i 1710 medan han var i eksil i Det osmanske riket.

Dei allierte[endre | endre wikiteksten]

Karl XII av Sverige

Peter den store etterfølgde Ivan V av Russland i 1696 og etter ei danningsreise til Vest-Europa heldt han fram reformene som føregangarane hans hadde starta med å omforme Det russiske tsardømet til eit moderne imperium som var tre gonger så stort. Han klarte å gje landet tilgang til Austersjøen, Svartehavet og Kaspihavet. Tilnamnet hans kjem av desse bragdene. Dei viktigaste russiske kommandantane utanom Peter var Aleksandr Danilovitsj Mensjikov og Boris Sjeremetev.

August den sterke, kurfyrste av Sachsen og eit anna syskenborn av Karl XII,[nb 1] fekk den polske krona etter at Jan Sobieski døydde i 1696. Han levde eit liv på barokk vis, omgjorde hovudstaden hans Dresden til ein verdskjend barokkby og hadde godt over hundre barn. Han hadde ambisjonar om å omgjere Det polsk-litauiske samveldet til eit eineveldig monarki, men mislukkast. Møtet med Peter den store i Rava i september 1698, der dei la planar om å angripe Sverige, var så dekadent at det vart legendarisk. Han fekk tilnamnet sitt fordi han var så fysisk sterk.

Fredrik IV av Danmark-Noreg, eit anna syskenborn av Karl XII,[nb 1] etterfølgde Kristian V i 1699 og førte vidare den antisvenske linja. Etter tilbakeslaga i 1700, fokuserte han på å omforme staten sin, eit eineveldig monarki, på liknande måte som Karl XI av Sverige hadde gjort. Han klarte ikkje hovudmålet sitt om å ta attende dei tidlegare austlege danske provinsane som svenskane hadde teke på 1600-talet, og klarte heller ikkje å sikre seg det nordlege Svenske Pommern, som var dansk frå 1715 til 1720. Likevel enda han den svenske trugselen sør for Danmark og klarte å gjere slutt på at Sverige ikkje skulle betale Øresundtollen.

Fredrik Wilhelm I gjekk inn i krigen som kurfyrste av Brandenburg og konge i Preussen - kongetittelen hadde han fått i 1701. Han var bestemt på å ta Oder-estuaret for å få direkte tilkomst til Austersjøen for kjerneområda i Brandenburg. Dette hadde vore målet til Brandenburg i fleire hundreår. Georg I frå Huset Hannover, kurfyrste av Braunschweig-Lüneburg og etter 1714 konge av Storbritannia og Irland, nytta høvet til å knyte det kystlause tyske kurfyrstedømet sitt til Nordsjøen.

Armeane[endre | endre wikiteksten]

I 1700 hadde Karl XII ein ståande hær som trente årleg. Hæren bestod av 77 000 mann, men i 1707 hadde talet stige til minst 120 000 trass tap.

Russland klarte å mobilisere ein langt større arme, men klarte ikkje å sette alle av dei ut i krigen samstundes. I tillegg var det russiske mobiliseringssystemet ineffektivt og no når nasjonen vart utvida i alle retningar, måtte det forsvarast overalt. Garnisonane trong støtte og krigen måtte betalast for. Ei stor mobilisering som dekte dei enorme områda til Russland ville vore urealistisk. Peter den store prøvde å få moralen i hæren sin opp til svenske nivå.

Danmark-Noreg medverka med 20 000 mann i invasjonen deira av Holstein-Gottorp og fleire hadde dei i andre frontar. Polen og Sachsen klarte i lag å mobilisere minst 100 000 mann.

1700: Danmark, Riga og Narva[endre | endre wikiteksten]

Fredrik IV av Danmark-Noreg regisserte det første åtaket mot den svenske allierte Holstein-Gottorp sør for riket sitt. Alt i 1697 hadde dei danske styrkane jamna fleire av festningane til Gottorp med jorda og i mars 1700 kom igjen ein dansk arme inn i området og kringsette Tönning.[5] Samstundes rykte styrkane til August den sterke fram gjennom Svensk Livland, erobra Dünamünde og kringsette Riga. Dei første forsøka på å storme Riga vart gjort alt i desember 1699.[6]

Karl XII av Sverige fokuserte først på det danske åtaket. Den svenske marinen klarte å utmanøvrere den danske blokaden av Øresund og sette ein arme i stilling nær den danske hovudstaden København. Dette overraskande trekket og trykket frå dei maritime maktene tvinga Danmark-Noreg til å trekke seg frå krigen i august 1700 med freden i Travendal.[7]

Karl XII kunne no raskt flytte armeen sin til austkysten av Austersjøen og møte dei gjenverande fiendane sine, som utanom armeen til August den sterke i Livland, var armeen til den russiske tsaren Peter den store, som alt var på veg til å invadere det svenske Ingermanland,[7] dei dei kringsette Narva i oktober. I november møttest dei russiske og svenske armeane og Russland leid eit stort nederlag i det første slaget ved Narva.[8]

Etter at den første koalisjonen vart oppløyst gjennom freden i Travendal og etter sigeren ved Narva, rekna den svenske kanslaren Benedict Oxenstjerna at dette var så gunstig for Sverige at no når Frankrike og dei maritime maktene var på randen av den spanske arvefølgjekrigen, så hadde Sverige eit gyllent høve til å ende krigen og gjere Karl til meklar for Europa.

1701–1706: Sachsen-Polen-Litauen[endre | endre wikiteksten]

Karl XII vendte seg så sørover for å møte den siste motstandaren som enno ikkje hadde lidd nederlag, August den sterke, kurfyrste av Sachsen, konge av Polen og storhertug av Litauen. Karl kryssa inn i Det polsk-litauiske samveldet og slo den saksisk-polske styrken i det avgjerande slaget ved Kliszów i 1702, slik at han kunne kaste August den sterke av trona og erstatte han med ein av hans eigne favorittkandidatar, Stanisław Leszczyński, i 1704. August den sterke gjorde motstand, men vart igjen slått i slaget ved Fraustadt i 1706. Dette tvinga han til Altranstädt-traktaten same året.[9]

1702–1710: Russland og dei baltiske provinsane[endre | endre wikiteksten]

Peter den store tar Nöteborg (kalla Sjlisselburg=«nøkkelborg»)
Den russiske sigeren ved Poltava

Slaget ved Narva var eit stort tilbakeslag for Peter den store, men då armeen til Karl XII vendte seg mot Sachsen-Polen-Litauen gav det han høvet til å kome seg på fotet att og vinne terreng i dei baltiske provinsane. Dei russiske sigrane i Erastfer og Nöteborg (Sjlisselburg) gav dei tilgang til Ingermanland i 1703, der Peter bygde den nye hovudstaden sin St. Petersburg.[8] Han starta å byggje ein marine og ein moderne arme, der infanteriet vart drilla i bruk av skytevåpen.

I 1707 tilbydde Peter I å gje attende alt utanom St. Petersburg og linja langs Neva, men Karl XII avslo. I staden drog han frå Sachsen for å invadere Russland. Målet hans var Moskva, men styrken hans vart underminert av det kalde vêret og brente jords taktikken til Peter. Då hovudarmeen vendte sørover for å ta seg inn att i Ukraina, vart den andre armeen med forsyningar og forsterkingar avskoren og utsletta i Lesnaja. Det same vart forsyningane og forsterkingane til den svenske allierte Ivan Masepa i Baturyn. Karl vart slått stort av ein større russisk styrke under Peter I i slaget ved Poltava og flykta til Det osmanske riket der restane av armeen hans overgav seg i Perevolotsjna.[10]

Dette rystande nederlaget enda ikkje krigen, men vart avgjerande. Danmark og Sachsen gjekk igjen inn i krigen og August den sterke, med dei listige planane til Boris Kurakin, tok igjen over den polske trona. Peter heldt fram felttoga sine i Baltikum og bygde etter kvart opp ein mektig marine. I 1710 tok dei russiske styrkane Riga og Tallinn. Dei baltiske provinsane vart innlemma i Det russiske imperiet med kapituleringa til Estland og Livland.

Den nye alliansen mot Sverige[endre | endre wikiteksten]

Etter Poltava, allierte Peter den store og August den sterke seg igjen med Thorn-traktaten i 1709, Fredrik IV av Danmark-Noreg med August den sterke i Dresden-traktaten i 1709 og Russland med Danmark-Noreg i København-traktaten. Med Hannover-traktaten i 1710 vart Braunschweig-Lüneburg (Hannover) alliert med Russland. Kurfyrsten her hadde vorte Georg I av Storbritannia. I 1713 vart Brandenburg-Preussen alliert med Russland med Schwedt-traktaten. Samstundes gjekk kongen av Storbritannia, Georg I av Hannover inn i tre alliansar i 1715: Berlin-traktaten med Danmark-Noreg, Stettin-traktaten med Brandenburg-Preussen og Greifswald-traktaten med Russland.

1709–1714: Det osmanske riket[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Pruth-felttoget og trefninga i Bender.

Då armeen hans overgav seg, rømde Karl XII av Sverige og nokre få soldatar til osmanske område og grunnla ein koloni føre Bender i Moldova. Peter den store kravde at Karl XII skulle kastast ut og då sultanen nekta, invaderte Peter Det osmanske riket. Armeen hans vart derimot fanga av ein stor osmansk arme ved elva Pruth. Peter den store klarte å forhandle fram ei tilbaketrekking ved å lage nokre få områdekonsesjonar og love å trekke styrkane sine ut av Det tysk-romerske riket, i tillegg til å la Karl XII dra tilbake til Sverige. Vilkåra var ein del av Adrianopel-traktaten i 1713. Karl XII viste derimot ingen interesse i å dra tilbake og oppretta eit provisorisk hoff i kolonien sin og prøvde å overtale osmanarane til å delta i eit samla åtak mot Russland i lag med Sverige. Sultanen avslo forslaget, og det vart slutt på gjestfridomen. Sultanen fekk kongen arrestert i det som vart kalla ein «kalabalik» i 1713. Karl XII vart så innesperra i Timurtash-borga og Demotika (i dag Didymótikho), før han gav opp håpet om ein osmansk front og reiste attende til Sverige, ein ridetur som tok fjorten dagar.[11]

1710–1716: Nord-Tyskland[endre | endre wikiteksten]

Danske Altona brende ned under felttoget il Stenbock (1713). Russiske styrkar tok hemn med å setje svenske Wolgast i brann same år.

I 1710 hadde den svenske armeen i Polen trekt seg attende til Svensk Pommern og var forfølgd av koalisjonen. I 1711 vart Stralsund kringsett. Byen vart ikkje erobra fordi svenskane sendte forsterkningar, som sikra den pommerske lomma før han snudde vestover og slo den allierte armeen i slaget ved Gadebusch. Den svenske armen vart forfølgd av dei allierte og overgav seg under omleiringa av Tönning.[12]

I 1714 reiste Karl attende frå Det osmanske riket, og kom til Stralsund i november. I nærleiken av Greifswald, som alt var tapt til Sverige, hadde den russiske tsaren Peter den store og den britiske kongen Georg I, i stillinga som kurfyrste av Hannover, nettopp gått inn ein allianse den 17. oktober.[13] Brandenburg-Preussen hadde vore involvert i felttoga i Pommern som ein formelt nøytral stat, men gjekk no opent inn i koalisjonen med å erklære krig mot Sverige sommaren 1715.[14] Karl var då i krig med heile Nord-Europa og Stralsund var dømd til nederlag. Karl vart verande der fram til desember 1715, og rømde berre dagar før Stralsund fall. Då Wismar overgav seg i 1716, hadde Sverige mista alle områda sine i Baltikum og Tyskland.[15]

1716–1718: Noreg[endre | endre wikiteksten]

Karl XII av Sverige vart skoten under omleiringa av Fredriksten festning i 1718.

Etter at Karl XII kom attende frå Det osmanske riket og tok personleg kontroll over krigen, sette han i gang to norske felttog, eitt i februar 1716 for å tvinge Danmark-Noreg til ein separat fredsavtale. I tillegg prøvde han å hindre Storbritannia, der kong Georg I alt var i krig med Sverige som hertug av Hannover, tilkomst til Austersjøen. Karl XII leita etter allierte og forhandla med dei britiske jakobittane. Dette førte til at Storbritannia erklærte krig mot Sverige i 1717.

I Noreg førde denne krigen til oppstand fleire stader, av di utgiftene til krigen vart store, og skattane urimelege som følgje av dette. Bøndene sette seg imot, av di dei både vart tvangsutskrivne til den dansk-norske hæren, og laut huse soldatar i heimane sine, noko dei ikkje hadde hug til. Attåt finn ein at svenske troppar herja over austlandsbygdene og i Trøndelag.

I Hallingdal førde skattlegginga under krigen til oppstand i 1713, førd av bygdehovdingen Elling Nilsson Villand, og i Telemark sette bøndene seg imot tvangsutskriving og hard framferd frå framande offiserar. Her vart oppstanden førd av Olav Hovdejord. Mykje av årsaka til dette, kan ein finne i at nordmennene på mange vis ikkje kjende at dette var deira krig, men snarare eit oppgjer mellom Danmark og Sverige.

Eit kompani svenske soldatar vart stogga på Norderhov i 1716 (Anna Kolbjørnsdotter).

Krigshandlingane i Noreg gjekk for det meste føre seg aust i landet. Svenskehæren gjekk mellom anna til åtak på Halden fleire gonger, og byen vart brend av borgarane der, leia av Peder Kolbjørnsen. Det norske felttoget stoppa opp og armeen trekt tilbake då Karl XII vart skoten og døydde under omleiringa av Fredriksten festning den 30. november 1718. Han vart etterfølgd av syster si Ulrika Eleonora.[16]

Eit kompani karolinske soldatar sette livet til på fjellovergangen ved Tydal i Trøndelag vinteren 1716. Desse hendingane var med på å svekke tiltrua til den svenske hærleiinga.

1713–1721: Finland[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå slaget ved Hangöudd, den store ufreden og slaget ved Ledsund.

I 1714 klarte gallionane til Peter å erobre ein liten avdeling av den svenske marinen i den første russiske marinesigeren nær Hangöudd. Den russiske armeen okkuperte Finland i 1713-1714, Viborg hadde alt vorte erobra i 1710. Den siste motstanden til dei finske soldatane var i slaget ved Napue tidleg i 1714 i Isokyrö i Österbotten. Okkupasjonstida i Finland frå 1714 til 1721 vert kalla den store ufreden (finsk isoviha).

1719-1721: Sverige[endre | endre wikiteksten]

Etter at Karl XII døydde nekta Sverige framleis å gjere fred med Russland på Peter sine vilkår. I 1719 plyndra den russiske gallionsflåten den svenske austkysten. Fleire byar vart angripne og nesten alle bygningane på øyane kring Stockholm vart brende. Ein mindre russisk styrke rykte fram mot den svenske hovudstaden, men vart stogga i slaget ved Stäket den 13. august. Russarane kom attende i 1720 og 1721, men nærværet til den britiske marinen avgrensa raida deira. Etter at Storbritannia gjorde fred med Sverige i 1719, hadde britane vist ei antirussisk haldning i Austersjøen.

Fred[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå freden i Frederiksborg, freden i Stockholm og freden i Nystad.
Felttog og endringar i landområda i 1700-1709
Felttog og endringar i landområda i 1709-1721

Karl XII døydde vart dei allierte mot Sverige i aukande grad usamde om korleis dei skulle dele områda som svenskane hadde etterlate seg. Georg I og Fredrik IV ønskte begge hegemoni i Nord-Tyskland, medan August den sterke var uroa over Fredrik Wilhelm I sine ønske om område på søraustkysten av Austersjøen. Peter den store, som hadde styrkar spreidd over heile Austersjøen, ønskte hegemoni i det austlege Sentral-Europa og prøvde å opprette marinebasar så langt vest som Mecklenburg. I januar 1719 underteikna Georg I, August den sterke og keisar Karl VI ein avtale i Wien med mål om å redusere grensene til Russland til slik dei hadde vore før krigen.[16]

Hannover-Storbritannia og Brandenburg-Preussen forhandla fram separate fredsavtalar med Sverige, med avtalar i Stockholm i 1719 og tidleg i 1720, som delte dei svenske områda i Nord-Tyskland mellom dei to statane. Franske diplomatar var meklarar under forhandlingane. Dei prøvde å hindre at stillingane til Sverige på sørsida av Austersjøen kollapsa heilt og klarte å få Sverige til å behalde Wismar og nordlege område av Svensk Pommern. Hannover fekk svenske Bremen-Verden, Brandenburg-Preussen innlemma sørlege område av Svensk Pommern.[18]

I tillegg til rivaliseringa i koalisjonen, var det rivalisering internt i Sverige mellom Karl Fredrik av Holstein-Gottorp og Fredrik I av Hessen-Kassel om den svenske trona. Gottorp-selskapet kasta inn handkledet og Ulrika Eleonora gav makta til ektemannen, Fredrik I, i mai 1720. Då freden vart underteikna med Danmark, hadde den antisvenske koalisjonen alt falle saman og Danmark var ikkje i ei militær stilling til å forhandle tilbake dei tidlegare områda dei hadde hatt på austsida av Østersund. Fredrik I var derimot villig til å avstå den svenske støtta til Holstein-Gottorp, som kom under dansk kontroll og dei nordlege områda vart annektert. I tillegg vart ikkje svenskane lenger unntatt Øresundtollen. Alt dette kom saman i Fredriksborg-traktaten i juni 1720.[18]

Då Sverige slutta fred med Hannover, Storbritannia, Brandenburg-Preussen og Danmark-Noreg, var håpet at den antirussiske stemninga hos dei som skreiv under Wien-avtalen og hos Frankrike, skulle enda med at dei fekk attende dei austlege områda russarane hadde teke. Dette skjedde derimot ikkje, hovudsakleg på grunn av indre stridar i Storbritannia og Frankrike. Dermed vart krigen endeleg over med freden i Nystad mellom Russland og Sverige i Uusikaupunki (Nystad) den 30. august 1721. Finland vart gjeven attende til Sverige, medan svenske Estland, Livland, Ingermanland, Kexholm og det meste av Karelia vart avstått til Russland. Sverige var misnøgd med resultatet og gjorde fleire forsøk på å ta attende dei tapte områda sine det neste hundreåret, slik som den russisk-svenske krigen 1741-1743 og den russisk-svenske krigen 1788-1790.[18]

Sachsen-Polen-Litauen og Sverige skreiv ikkje under ein formell fredsavtale, men fornya i staden freden i Oliva som hadde enda Karl Gustav-krigane i 1660.[19]

Sverige hadde mista det mest av sine «oversjøiske» område dei hadde fått på 1600-talet og var ikkje lenger ei stormakt. Russland hadde fått dei baltiske områda og vart den sterkaste makta i Aust-Europa.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Karl XII av Sverige, Fredrik IV av Holstein-Gottorp, August den sterke og Fredrik IV av Danmark-Noreg var alle barnebarn av Fredrik III av Danmark-Noreg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Great Northern War» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Baskakov, Benjamin I. (1890) (russisk). The Northern War of 1700-1721. Campaign from Grodno to Poltava 1706-1709Runivers.ru i DjVu- og PDF-format
    • Bengtsson, Frans Gunnar (1960). The sword does not jest. The heroic life of King Karl XII of Sweden. St. Martin's Press. 
    • Donnert, Erich; Europa in der Frühen Neuzeit: Festschrift für Günter Mühlpfordt (1997) (på tysk). Aufbruch zur Moderne. 3. Böhlau. ISBN 3412006971. 
    • Frost, Robert I (2000). The Northern Wars. War, State and Society in Northeastern Europe 1558-1721. Longman. ISBN 978-0-582-06429-4. 
    • Meier, Martin (2008) (på tysk). Vorpommern nördlich der Peene unter dänischer Verwaltung 1715 bis 1721. Aufbau einer Verwaltung und Herrschaftssicherung in einem eroberten Gebiet. Beiträge zur Militär- und Kriegsgeschichte. 65. Munich: Oldenbourg Wissenschaftsverlag. ISBN 3486582852. 
    • North, Michael (2008) (på tysk). Geschichte Mecklenburg-Vorpommerns. Beck Wissen. 2608. CH Beck. ISBN 3406577679. 
    • Peterson, Gary Dean (2007). Warrior kings of Sweden. The rise of an empire in the sixteenth and seventeenth centuries. McFarland. ISBN 0786428732. 
    • Torke, Hans-Joachim (2005) (på tysk). Die russischen Zaren 1547-1917 (3 ed.). C.H.Beck. ISBN 3406421059. 
    • Wilson, Peter Hamish (1998). German armies. War and German politics, 1648-1806. Warfare og history. Routledge. ISBN 1857281063. 
    • Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.
    • Sweden and the Baltic, 1523 – 1721, av Andrina Stiles, Hodder & Stoughton, 1992 ISBN 0-340-54644-1
    • The Struggle for Supremacy in the Baltic: 1600-1725 av Jill Lisk; Funk & Wagnalls, New York, 1967
    • Norges festninger av Guthorm Kavli; Universitetsforlaget; 1987; ISBN 82-00-18430-7
    • Admiral Thunderbolt av Hans Christian Adamson, Chilton Company, 1958
    • East Norway and its Frontier av Frank Noel Stagg, George Allen & Unwin, Ltd. 1956
  1. http://www.wfgamers.org.uk/resources/C18/prusorg.htm
  2. «Den preussiska arméns fälttåg 1702-1715». Tacitus.nu. http://www.tacitus.nu/karoliner/armeer/preussen.htm. 
  3. Ericson, Lars, Svenska knektar (2004) Lund: Historiska media
  4. Lindegren, Jan, Det danska och svenska resurssystemet i komparation (1995) Umeå : Björkås : Mitthögsk
  5. Frost (2000), s. 227-228
  6. Frost (2000), s. 228-229
  7. 7,0 7,1 Frost (2000), s. 229
  8. 8,0 8,1 Frost (2000), s. 230
  9. Frost (2000), s. 230, 263ff
  10. Frost (200), s. 231, 286ff
  11. Petersen (2007), s.268-272, 275; Bengtsson (1960), s. 393ff, 409ff, 420-445
  12. Wilson (1998), s.140
  13. Torke (2005), s.165
  14. Meier (2008), s.23
  15. North (2008), s.53
  16. 16,0 16,1 Frost (2000), s. 295-296
  17. Den russiske sigeren ved Hangöudd (Hangö), 1714 av Maurice Baquoi, etsa i 1724
  18. 18,0 18,1 18,2 Frost (2000), s. 296
  19. Donnert (1997), s. 510

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den store nordiske krigen