Karelsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karelsk
karjala
Klassifisering uralske språk
 austersjøfinske språk
Bruk
Tala i Russland, Finland
Område Den karelske republikken i Russland
Karelsktalande i alt ca. 25 600 (2010)
Rangering ikkje blant dei 100 største
Skriftsystem (Kyrillisk), latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Den karelske republikken
Språkkodar
ISO 639-2 krl
ISO 639-3 krl
Glottolog kare1335

Karelsk er eit språk som høyrer til den austersjøfinske språkgreina av den uralske språkfamilien. Karelsk blir snakka av ca. 25 600 av dei ca. 60 800 karelarane i Russland framfor alt i den karelske republikken. Dessutan er det ei diaspora-gruppe i Tver sørvest for Moskva, dei er etterkommarar av karelarar som flykta frå dei svenske okkupantane på 1600-talet. Karelsk språk er ikkje det same som karelske dialektar av finsk.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Utbreiing av dei austlege austersjøfinske språka før 2. verdskrigen: Kvitsjøkarelsk (nordkarelsk) er nr. 1a på kartet, sørkarelsk nr. 1b.

Den nordaustlege delen av det austersjøfinske språkområdet består av fleire ulike dialektar og språk, og inndelinga er omstridd. Dei fleste er samd i at det i tillegg til og nord for vepsisk er to ulike språk, karelsk og livvisk (onegakarelsk, fi. livvi eller aunuksenkarjala), med lydisk som enten eit eige språk eller som ei overgangsform mellom karelsk og vepsisk. Desse hovudgreinene er ulike nok til at det har vore umogleg å skape eit felles skriftspråk. No finst det skriftspråk for karelsk (språket handsama i denne artikkelen), livvi, lydisk og for vepsisk.

  • karelsk
    • nordkarelsk eller kvitsjøkarelsk (fi. vienankarjala)
    • sørkarelsk
      • øykarelsk (vart snakka i Käxholms län (Käkisalmen lääni) fram til 1600-talet)
        • tverkarelsk
        • dorža
          • maksuatiha
          • ruameška
          • tolmatšu
          • vessi (vesjegonsk)
        • tihvinäkarelsk (s. 2000 talarar)
        • valdakarelsk (utdøydd)
  • livvisk eller onegakarelsk (fi. aunus, livvi – blir no helst betrakta som eit eige språk)
  • lydisk (blir no helst betrakta som eit eige språk, eller også som ein dialekt av vepsisk)

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Etter Oktoberrevolusjonen fekk karelsk eit skriftspråk basert på det latinske alfabetet. Dette vart skifta ut med eit kyrillisk alfabet på midten av 1930-talet. Etter krigen vart karelsk brukt i svært liten grad, i staden var det finsk som vart vald som offisielt språk (attmed russisk) i den karelske republikken. Etter Sovjettida har fleire karelarar tatt i bruk det latinske alfabetet att, me.a. inspirert frå finsk.

Dagens skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Det karelske skriftsystemet er basert på finsk ortografi, slik at finnar kan lese karelsk utan store problem. Karelsk skil seg likevel frå finsk, både på grunn av russisk påverknad og interne språklege skilnader.

  • Det er fleire frikativar og affrikatar i karelsk enn i finsk, og karelsk står nærare urfinsk enn det finsk gjer på dette punktet. I finsk er det berre 's' og ordinternt 'ts' som står att.
  • Ustemte affrikatar blir merkte med ein bokstav, eller bokstaven 'c' blir uttalt [ts] og 'č' [tš], men stemt affrikat blir skrive 'dž' (som i finsk). I og med at dei ustemte frikativane kan vera fonetisk lange, blir dei markert med dobbeltskriving, t.d. seiččemän, finsk seitsemän, «sju».
  • Dei stemte lydane (b, d, g, z, ž) er separate fonem; dette er ikkje berre påverknad frå russisk, men fonem som har utvikla seg frå urfinsk. Finsk ordintern 'v' svarar til dømes ofte til karelsk 'b'.
  • Palatalisering blir markert med apostrof, til dømes d'uuri', fi. «juuri», « nett, nettopp».
  • Lyden /y/ (som finsk <y> og tysk <ü> blir ofte skrive <ü>, som i tysk og estisk.
Frikativar og affrikatar
bokstaverstatninglyd livvi (onegakarelsk)tverkarelsk finsk omsetjing
c c /ʦ/ kuččukučukutsuinvitasjon
č ch /ʧ/ čoma, seičešoma, seičemensoma, seitsemänfint, sju
s s /s/ sežeseden/det
š sh /ʃ/ niškoiniškoihinniskoihinnakke (ill.pl.)
z z /z/ tazavaldutažavaldatasavaltarepublikk
ž zh /ʒ/ kiža, liedžukiza, liedžukisa, lietsukonkurranse, ?

Bokstavane skrive med caron (hajek) kan skrivast med <h> i staden. Dette er komplisert når det blir to affrikatar etter kvarandre, som i ruochchi «Sverige», og i publiserte tekstar er det č og š som blir brukt.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Karelske tekstdøme[endre | endre wikiteksten]