Operasjon Condor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Operasjon Condor (spansk Operación Cóndor, portugisisk Operação Condor) var ein organisasjon som dreiv ein hemmeleg «skiten krig» mot venstreopposisjonen i Sør-Amerika i åra frå 1973 til om lag 1980. Det er vanleg å rekne med at ca. 30 000 menneske blei drepne. Mange av desse blei torturerte i hel og mange berre «forsvann» utan at slektningane deira fekk vite noko hos politiet eller fekk ei grav å gå til. Ein spesialitet var å kaste ut folk frå fly eller helikopter når torturistane meinte dei ikkje kunne få meir ut av dei.

Initiativet til Operasjon Condor kom frå den chilenske generalen Augusto Pinochet, som hadde leidd militærkuppet mot den folkevalde sosialistiske presidenten Salvador Allende 11. september 1973. Med støtte frå den USA-amerikanske etterretningsorganisasjonen CIA blei det organisert ein fleirnasjonal terrororganisasjon med namnet Operasjon Condor. Organisasjonen skulle også forfølgje venstreorienterte som flykta frå Sør-Amerika til USA eller Europa. Med i organisasjonen var representantar frå USA, Chile, Argentina, Bolivia, Brasil, Paraguay og Uruguay.

I 1980-åra blei mange av erfaringane frå torturen og terroren Operasjon Condor dreiv med bruka i tilsvarande «skitne krigar» som lokale regime med støtte frå USA førte mot venstreopposisjonen i Mellom-Amerika. Den nyutnemnde (2005) sjefen for all USA-amerikansk etterretning, John Negroponte, spela ei sentral rolle i området på denne tida.