Opus Dei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Prelaturet av Den Heilage Krossen og Opus Dei, best kjent som Opus Dei (latin, Gud sitt arbeid), er ein romersk-katolsk organisasjon som vart grunnlagt 2. oktober 1928 av Josemaría Escrivá, ein spansk prest som vart kanonisert i 2002 av pave Johannes Paul II.

Opus Dei har omkring 85 000 medlemmer i 60 land, med hovudkontor i Roma. Organisasjonen vart gjort til eit personalprelatur av pave Johannes Paul II i 1982.

Medlemsstokken til Opus Dei kan delast i to hovudgrupper, dei såkalla «numeraries» som utgjer 20 prosent og lever i om lag 1700 senter. Desse sentera er kjønnssegregerte og livet her minner mykje om livet i eit kloster, bortsett frå at dei som bur der har vanlege jobbar ute i samfunnet på dagtid, og gjev store delar av løna sin til organisasjonen. Den andre store gruppa «supernumeraries» som utgjer 70 prosent av medlemmene lever «vanlege familieliv», men set av minst to timar om dagen til religiøse studium og arbeid.

Opus Dei er vorte skulda for å vere organisert som ein frimurarlosje, og å ha til hensikt å skaffe den katolske kyrkja den makt den hadde i mellomalderen. Desse skuldingane har mange gonger vorte tilbakeviste av kurien i Vatikanet. Særleg i Belgia, Frankrike og Tyskland har medlemmene mange høge posisjonar. Opus Dei har tidlegare uttrykt ønske om å etablere seg i Noreg, men fekk avslag av dei norske katolske biskopane i 1984 og av presterådet i Oslo katolske bispedømme i 2003. Den nye biskopen, Bernt Ivar Eidsvig, er derimot meir positiv til Opus Dei. Janne Haaland Matlary tilrår òg at Opus Dei får etablere seg i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]