Origami

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein trane. Arka under er av same storleik som det som vert brukt til å lage trana.

Origami (japansk 折紙, origami, 'papirbretting') er ein japansk kunstform som går ut på å brette papir. Ordet origami tyder å brette papir, og på japansk kan origami brukast om all papirbretting, uansett kor ho kjem frå.

I origami nyttar ein berre somme bretter, men dei kan kombinerast på mange måtar. Det er vanleg å bruke eit kvadratisk ark, ofte med fargar eller mønstre, og ein klipper ikkje i arket. I motsetning til det mange trur, tillet tradisjonell japansk origami, som har vore praktisert sidan Edoperioden (1603-1867), ofte klipping, og ein kan også bruke eit rektangulært eller sirkulært ark i denne typen origami.

Innhaldsliste

[endre] Historikk

Japansk origami kjem truleg frå seremonielle brettemetoder, som noshi, og oppsto antakelegvis i Muromachiperioden (1392-1573).

Ein kirigami (papirfigur), kan variere i kompleksitet frå enkle ting som hattar eller fly til meir kompliserte ting, som flaskar, stegosaurusar og biller, og kan ta mellom fem minutt og to timar å brette frå eit flatt ark. Somme veldig avanserte og vanskelege figurar brettast ikkje i vanleg papir, men i folie, av di papir vert så tjukt etter mange brettar at det ikkje egner seg. I moderne origami brukar ein ikkje berre dei stive brettane som vert nytta i tadisjonell origami, og ofte vert papiret fukta lett før ein bretter det, slik at det skal få eit meir flytande og naturleg utsjåande. Ofte vert andre materialer enn berre papir eller folie nytta. I japan vørder dei ikkje origami som kunst, men som del av kulturarva deira.

Joseph Albers blir rekna som far til moderne fargeteori og minimalistisk kunst og underviste i origami i 1920- og 30åra. Han var ein kjelde til inspirasjon for mange moderne origamistar, mellom anna Kunihiko Kazahara. Allereie på 1800-talet syna Friedrich Fröbel (grunnleggjaren av barnehagane) kor stor nytte ein kunne ha av papirleik og papirbretting i barneoppdragelsen.

Arbeidet til Akira Yoshizawa, ein av 1900-talets store origamigeniar og forfattar av mange bøker om origami forårsaka ein renessanse innafor origamikunsten. Hans arbeid førte til boka Paper Magic, og seinare til boka Secrets of the Origami Masters.

Dette førte til at origami spreidde seg frå japan, og at ein utvikla nye teknikkar, som til dømes wet-folding. Også modulær origami, der mange ark, ofte bretta til identiske einskapar viklast saman og skapar store figurar.

Nokså nyleg vart den tradisjonelle figuren Tamatebako gjenoppdaga. I ein tre-binds treskåren bok frå 1734, Ranma-Zushiki, har ein funne to bilder av det som skal vere Tamatebako. Denne figuren er frå folkeeventyret Urashima-Taro og Tamatebakoen, og vert identifisert som Tamatebako i 1993 av Yasuo Koyanagi. Origamihistorikaren Masao Okamura har klara å gjenskape figuren. I motsetning til det ein har trudd om origami frå denne perioden involverer brettinga både klipping og liming.

[endre] Tranane til Sadako

Minnesmerket til Sadako Sasaki i Hiroshima er omgjeve av papirtranar.

Den mest kjende kirigami er likevel tranen. I Japan er tranen eit symbol på hell. Mellom anna har Japan sendt opp ein satellitt med namnet tsuru, som er japansk for trane. Det finst ein japansk legende som seier at viss ein bretter tusen traner skal ein kunne få ynskje seg kva som helst.

Tranar i mange fargar i fredsparken i Hiroshima.

Origamitranen, orizuru(折鶴) vart eit fredsysmbol, både grunna legenda og grunna den unge jenta Sadako Sasaki, som vart utsett for stråling frå Hiroshimabomba då ho var spedbarn. Som tolvåring med dødeleg leukemi fekk ho høyre om legenda om orizurutranene, og ho byrja brette tusen tranar, slik at ho kunne verte frisk. Ho døydde etter å ha bretta 644, og klassekameratane bretta dei resterande 454 tranene, og Sadako vart gravlagd med ein krans med tusen orizuruar (senbazuru på japansk). Klassekameratane og venene hennar bygde ein statue i granitt i Fredsparken i Hiroshima. Han syner Sadako som ein ung jente som står med armane slått ut, og med ei trane i handa. Kvart år leggjast tusenvis av senbazuruar på statuen.

Ein har laga mange bøker og filmar om Sadako. I ein av dei skreiv Sadako eit haiku. det lyder:

Eg vil skrive fred på vengene dine, og så skal du fly kring verda, slik at barn ikkje lenger må døy slik som meg

(Omsett frå engelsk av Alexander Janes).

[endre] Matematikk og origami

Origami inneheld fleire aspekt som er matematisk interessante. Mellom anna er det av stor interesse korvidt ein kan gjere ein gitt figur flat utan å skade han. Dette har Marshall Bern og Barry Hayes prova er NP-komplett

Stiv origami, der ein latar som om ein nyttar metall i staden for papir, og at metallet har hengsle i staden for brettar, er også av stor matematisk interesse. Dette har mellom anna ført til Miura-bretten, som har vore nytta på solcellepanel på satellittar.

[endre] Variasjonar

Kusudama

[endre] Kjende origamiforfattarar

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Origami


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk