Trane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For stjernebildet sjå tranen
Trane


Trane, Grus grus
Trane, Grus grus

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Aves
Orden: Gruiformes
Familie: Gruidae
Slekt: Grus
Art: Trane
Vitskapleg namn
Grus grus

Trane (Grus grus) er ein fugl i traneslekta (grus) i tranefamilien.

I Noreg finst trana hovudsakleg i skogsområde på Austlandet og i Trøndelag. Trana er ein trekkfugl som kjem i april og reiser frå landet frå midten av august til oktober.

Utbreiingsområde for trane

Trana er ein stor fugl, ca. 115 cm. Den er skifergrå med lange bein og lang hals. Hovud og hals er svarte og kvite. Den har ein raud isseflekk som er meir brunleg hos ungfuglar. Armdekkarane på vengene er forlenga og dannar ein strutseliknande stjert.

Den utstøyter høge trompetskrik, «kråå», som ber fleire kilometer. Den hekkar på myrer i barskog- og bjørkeområde, og det er flest av den i Sør-Noreg. Talet på fuglar aukar og det gjer òg utbreiinga. Den overvintrar i Spania og Sør-Frankrike. Den et insekt, krypdyr, amfibiar, mus og plantedelar.

Hekkinga skjer ved at to grøngrå egg med mørke flekkar blir lagt i reir på eller nær opa grasmyr. Foreldra ruger på egga i fire veker.

Typisk for trana er at den skrid roleg avstad på ein majestetisk måte. I flukt held trana den lange halsen utstrekt.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Trana hekkar i eit område som strekker seg frå Skandinavia og Aust-Europa austover til det nordlege Kina og austlege Russland. Nestan alle populasjonar er flyttfuglar og dei overvintrar på fleire åtskilte plassar; den iberiske halvøya, i nordvestre Afrika, i eit område i Sudan og Etiopia, Midtausten, Pakistan, India, Kina og på nokre plassar i Søraust-Asia. Den har nokre få gonger vore observert i Nord-Amerika.[1]

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vart det i 1995 gjort ei landsomfattande undersøking for å kartlegge hekkebestanden av traner.[2] Her i landet skjer det meste av hekkinga i Trøndelag og i Oppland, Hedmark og Buskerud. Alle tranene som kjem hit til lands, med unnatak av Finnmark, følger den vestlege trekkruta via Hornborgasjön, både på veg nord- og sørover. Talet på hekkande traner i Noreg er truleg rundt 1000 par og er aukande. Når det gjeld overvintring, så gjorde dei tranene som hekka her i landet det tidlegare dels i Tunisia og på den iberiske halvøya. Sidan 1980-talet overvintrar fleire i Sør-Frankrike. Fleire av tranene som hekkar i Nord-Sverige trekker over Sør-Noreg for så å krysse grensa lenger nord. Både vår og haust samlast tranene på såkalla rasteplassar der dei er lette å sjå. Dei same plassane blir nytta år etter år. Ein finn dei i dei store dalane på Austlandet og i Trøndelag. Kjente plassar er Meldal,[3] Horg i Gauldalen og Frya i Gudbrandsdalen.

Tranene som hekkar i Finnmark følger det austlege trekket over Öland og Hortobágy i Ungarn til Tunisia.

Sverige[endre | endre wikiteksten]

Sverige har den største hekkebestanden av traner i Europa med over 10 000 hekkande par. I Sverige hekkar den meir eller mindre sparsamt i heile landet utanom i fjellområda – likevel meir sjeldant langs sørkysten og kring Göteborgstraktene. Den kjem i mars-april og reiser i september-oktober. Tusentals traner kan ein sjå kvart år ved Hornborgasjön som er ein arena for paringsdansen deira. Fleirtalet av para drar sidan vidare nordover til hekkeområda sine. Fuglar som hekkar i søre Sverige overvintrar i regelen i sørvestre Spania (Estremadura)), medan dei som hekkar lengre nord har tilhald i og rundt Tunisia på vinteren.[4]

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Data frå DNA-undersøkingar viser at trana er i nær slekt med trompetartrana (Grus americana), men òg med kvithovudtrana (Grus monachus), svarthalstrana (Grus nigricollis) såvel som japantrana (Grus japonensis).[5]

Trana vart tidlegare delt opp i to underartar G. g. grus og G. g. lilfordi (Sharpe 1894). Den siste vart sett på som ein mindre og lysare variant som var utbreidd i området aust for Ural. Denne klassifiseringa blir i dag sett på som ukorrekt ettersom det ikkje er nokon distinkt skilnad mellom desse populasjonar.[5]

Ein kan legge til at Carl von Linné feilaktig kategoriserte trana som ei hegre i slekta Ardea.[6].

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Ein flokk flyttande traner i typisk V-formasjon.

Før hekketida utfører tranene ein spektakulær paringsdans på visse utvalde arenaer. Etter dette flyttar mesteparten nordover til hekkeplassen som ikkje sjeldan ligg i aude trakter. Reiret blir plassert direkte på marka og består av mose og kvistar. Hoa legg vanlegvis to egg, sjeldnare eitt eller tre, som blir klekte etter 27-31 døgn. Etter at egga har klekt tar begge foreldre hand om ungane i 65-70 døgn til dei er flygedyktige. I hekkeperioden er trana særs vaktsam og lettskremd. Trana legg berre eitt kull om året.

Myting[endre | endre wikiteksten]

Trana myter kvart år. Dette skjer direkte etter hekkinga og den myter då vengefjøra så fort at den blir flygeudyktig. I denne perioden oppsøker den derfor eit område med godt med føde og med vern mot predatorar.[7] Tranene som ikkje har hekka legg først ut på reisa sørover på hausten.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Trana er altetande. Vegetarisk føde dominerer, særskilt utanfor hekketida. I hekketida er animalsk føde ein viktig del av føda. Den lever t.d. på makk, sniglar, insekt, frosk, orm, øgler, fisk og gnagarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Grus grus

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Larsson, 2001
  2. www.birdlife.no/prosjekter/.../1995_01_NOF.pdf‎ F. Nordang Bye og J. Sandvik; Tranebestandens utvikling og status i Norge
  3. http://www.grusgrus.no/Tranene%20i%20Meldal.htm Meldal
  4. "Trana".. Naturhistoriska riksmuseet. Läst 2012-03-26.
  5. 5,0 5,1 Northern Prairie Wildlife Research Center The Cranes. Status Survey and Conservation Action Plan. Eurasian Crane (Grus grus)
  6. Svenska Familj-Journalen (1869-1885), Tranan, vol.20, årg. sid:166
  7. Alexander Hellquist (2007) Det hänger på fjädrarna, Roadrunner, nr.3, 2007, sid:41