Rekonstruksjonistisk jødedom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jødedommen
Star of David.svg
Skrifter
Tanákh
Torá · Nebiím · Ketubím )
medrásj · Mekhiltá
Haggadá · siddúr
Talmúd
Misjná · Jerusjalmí
Bablí · Toseftá
Emunót vede‘ót
Misjné Torá
Moré nebukhím
Sjulḥán ‘arúkh · Mappá
Me‘ám lo‘éz
S. jesirá · Bahír · Zohar
Gudsteneste og bøn
Tempelet i Jerusalem
synagoge · minján
sjaḥarít · musáf
minḥá · ne‘ilá · ʿarbít
Modé aní · Sjemá‘
torálesing
kaddísj · ‘amidá
prestesigninga
‘alénu
kiddúsj · hammosí
b. hammazón
habdalá
Merkedagar
det jødiske året
pesah · ‘omer · sjabu‘ót
tisj‘á beáb · seliḥót
rosj hasjaná · kippúr
sukkót · sjeminí ‘aséret
simhat Torá · hanukká
tu bisjbát · purím
Livssyklus
berít milá
pidjón habbén
zebed habbát
bar miṣvá · bat miṣvá
bryllaup
Rituelle yrke
rabbinar · ḥazzán
daján · gabbáj
sofér · sjoḥét
Daglegliv
halakhá · bet din
mat · kasjrút  sjeḥitá
mikvé · tebilá · sjabbát
tallét · tefillín
Kulturell inndeling
sefardisk · askenasisk
mizrahisk · jemenittisk
italkisk · romaniotisk
Beta Esrael · Bene Israel
cochini · b. Menasjé
Teologisk inndeling
samaritansk
karaittisk
rabbanittisk
ortodoks · ḥasidisk
konservativ · reform
rekonstruksjonistisk
renewal · humanistisk
 
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme

Rekonstruksjonistisk jødedom er ei retning av rabbanittisk jødedom som er karakterisert ved:

  • Trua at kvart individs personlege integritet generelt er viktigare enn tradisjonelle jødiske lovar og skikkar, samtidig som det er tilrådd at kvar person sine religiøse praksis forheld seg til tradisjonar og godteken gruppepraksis. Dette fører generelt til større grad av tradisjonell religiøs praksis blant rekonstruksjonistiske jødar enn blant reformjødar.
  • Ei positiv haldning til moderne kultur.
  • Trua at både tradisjonelle rabbinske studiemåtar og moderne forsking og tekstkritikk er gyldige måtar å lære om og frå jødiske religiøse tekster.
  • Ein ikkje-fundamentalistisk måte å undervise jødiske trusprinsipp på kombinert med synet at ingen jøde treng å godta alle — eller nokon som helst — trusprinsipp.
  • Avvisinga av synet på jødane som eit utvalt folk.
  • Avvisinga av mirakel og eit gudssyn som er meir deistisk enn teistisk.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruksjonismen vart utvikla av dei amerikanske konservative rabbinarane Mordecai Kaplan (18811983) og Ira Eisenstein som ei radikal fløy av konservativ jødedom i løpet av perioden frå slutten av 1920-åra til 1940-åra. Rørsla vart ei ny hovudretning av jødedommen i og med grunnleggjinga av The Reconstructionist Rabbinical College i Philadelphia i Pennsylvania i 1968.

Teologi[endre | endre wikiteksten]

Mordecai Kaplan meinte at dei nye funna i filosofi, vitskap og historie ville gjera det umogleg for moderne jødar å halde på mange av dei tradisjonelle teologiske standpunkta. Kapland naturalistiske teologi har m.a. vorte sett som ein variant av filosofien åt John Dewey. Dewey sin naturalisme kombinerte ateistiske trusprinsipp med religiøs terminologi for å konstruere ein religiøst sett tilfredsstillande filosofi for dei som hadde mist trua på tradisjonell religion.

I samsvar med nokre klassiske jødiske tenkjarar i mellomalderen, inkludert Maimonides, stadfeste Kaplan trua at Gud ikkje er personleg og at alle antropomorfiske skildringar av Gud i beste fall er ufullkomne metaforar. Kaplan sin teologi gjekk enda vidare og hevda at Gud er summen av alle naturlege prosessar som lèt mennesket fylle si særlege rolle. Kaplan skreiv at «å tru på Gud tyder å taka for gitt at det er lagnaden åt menneskja å rise over råskapen og å utrydde alle former av vald og utbytting frå menneskesamfunnet». Merk at ikkje alle skriftene etter Kaplan er konsistente på dette punktet; synet hans utvikla seg ein del i løpet av åra, og ved nøyen lesnad skil to kjennspake teologiar seg ut:

Det synet som populært sett oftast blir sett i samband med Kaplan er ein streng naturalisme à la Dewey — som har vorte kritisert for å bruke religiøs terminologi som kamuflasje for ein ikkje-teistisk, eller til og med ateistisk, ståstad. David Ray Griffin og Louis Jacobs har kritisert omdefineringa av omgrepa ‘openberring’ og ‘Gud’ innanfor rekonstruksjonismen som intellektuelt uærleg og som ei form av «konvertering gjennom definisjon». Dei hevdar at desse omdefineringane tek ikkje-teistisk tru og tillegg henne teistiske omgrep. Liknande kritikk har òg vorte framsett av rabbinarane Neil Gilman (Sacred Fragments, s. 200), Milton Steinberg (Simon Noveck: Milton Steinberg : portrait of a rabbi. Ktav, 1978, s. 259f.) og Michael Samuels (The Lord is My Shepherd: The Theology of a Caring God. 1996.).

Men den andre kjennspake lina i skriftene åt Kaplan viser at han i alle fall til tider trudde at Gud har ontologisk eksistens — ein faktisk og absolutt eksistens uavhengig av menneskeleg tru. I denne andre teologiske lina avviser Kaplan stadig dei klassiske formene av teisme og all tru på underverk, men held seg til ein ståstad som på nokre måtar er nyplatonsk.

Dei fleste rekonstruksjonistiske jødar avviser tradisjonelle former av teisme. Mange er deistar, og eit lite mindretal har eit kabbalistisk gudssyn.

Alle ortodokse jødar, dei fleste konservative jødar og nokre reformjødar reknar teologien åt Kaplan for uforeinleg med klassisk jødedom. Ein del medlemmer av den rekonstruksjonistiske rørsla som på andre vis vedkjenner seg Kaplans idéar nektar å godtaka teologien hans. I staden står dei for eit teistisk gudssyn.

Generelle trusprinsipp[endre | endre wikiteksten]

I praksis er Kaplans bøker — særleg The Meaning of God in Modern Jewish Religion og Judaism as a Civilization, de facto prinsipperklæringar for rekonstruksjonismen. I 1986 vedtok the Reconstructionist Rabbinical Association (RRA) og the Federation of Reconstructionist Congregations (FRC) den offisielle Plattforma for rekonstrukjonismen (2 s.). Det er ikkje ei pålagd liste over prinsipp, men heller ein konsensus av noverande tru innanfor den rekonstruksjonistiske rørsla. [Sjå FRC Newsletter, september 1986, s. D–E.]

Sentrale punkt i plattforma er:

  • Jødedommen blir sett på som eit resultat av naturleg menneskeleg utvikling.
  • Det finst ikkje noka guddommeleg innblanding.
  • Jødedommen blir sett på som ein religiøs sivilisasjon i utvikling.
  • Sionisme og ‘alijjá (immigrasjon til Israel) er sett på som positivt.
  • Rekonstruksjonistisk jødedom er basert på eit demokratisk samfunn der lekfolket kan taka avgjersler, ikkje berre rabbinarar.
  • Toráen blir ikkje sett på som inspirert av Gud, men berre som eit resultat av den sosiale og historiske utviklinga av det jødiske folket.
  • Det klassiske, teistiske gudssynet blir avvist. Gud er omdefinert som summen av dei naturlege kreftene og prosessane som lèt menneskja oppnå sjølvrealisering og moralsk framgang.
  • Idéen at Gud valde det jødiske folket for noko formål på noko som helst vis blir sett på som «moralsk uhaldbart», fordi kven som helst som har eit slikt syn «impliserer overlegenheita åt det utvalde samfunnet og avvisinga av dei andre».

Dei fleste rekonstruksjonistar trur ikkje på openberring (idéen at Gud på noko slags vis kan openberre viljen Sin åt menneskja). Dette blir avvist som supernaturalisme. Kaplan held i staden på synet at openberring «er å lausrive frå den naturlege samanhengen dei elementa av han som gjev svar på varige postulat i menneskenaturen og å integrere dei i vår eigen ideologi ... resten kan arkeologien taka seg av». [The Meaning of God in Modern Jewish Religion]

Halakhá og minhág[endre | endre wikiteksten]

Som i reformjødedommen er hovudsynet i rekonstruksjonistisk jødedom at personleg ståstad er overordna halakhá (jødisk lov) og teologi. Ein krev ikkje at medlemmene held seg til noka særskild tru, og ein krev heller ikkje at halakhá lyt bli godteken som bindande. Men i motsetnad til klassisk reformjødedom meiner ein i rekonstruksjonistisk jødedom at utgangspunktet for kvar person bør vera å halde seg til tradisjonell jødedom med mindre ein har særlege grunnar til å vike frå dette. Hovedskiljet mellom rekonstruksjonistisk jødedom og den tradisjonelle jødedommen er at rekonstruksjonismen kategoriserer halakhá som folkekultur heller enn som lov. Dei 613 misvót (religiøse bod) har altså blitt omtolka til element av folkekultur som kan godtakast eller setjast til sides av kvar meinigheit.

Tradisjonelle jødiske praksisar som blir fremma inkluderer bruk av hebraisk i gudstenesta, torástudium, dagleg bøn, bruk av kippót (kalottar), talletót (bønesjal) og tefillín under bøn og feiring av jødiske helgedagar.

Jødisk identitet[endre | endre wikiteksten]

Interreligiøse bryllaup[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruksjonistisk jødedom overlèt til kvar enkelt rabbinar å avgjera om dei vil forrette ved bryllaup der berre éi(n) av partane er jødisk — om lag halvparten av dei rekonstruksjonistiske rabbinarane gjer dette.

Jødisk status som mors- og farsarv[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruksjonismen godtek både patrilinearitet og matrilinearitet som fullverdig kriterium for jødisk status — det vil seie at born av éin jødisk forelder, uansett kjønn, blir rekna som jødiske om dei får ei jødisk oppseding.

Rolla åt ikkje-jødar i meinigheitene[endre | endre wikiteksten]

Rolla åt ikkje-jødar i meinigheitslivet er eit emne som er under stadig debatt i rekonstruksjonistiske meinigheiter, og praksisen varierer sterkt mellom meinigheitene. Dei fleste av dei prøver å finne ein balanse mellom inklusjon og integritet. The Jewish Reconstructionist Federation (JRF) har offentleggjort eit ikkjebindande rundskriv der dei har prøvd å setja opp eit rammeverk for korleis meinigheitene kan avgjera politikken sin på dette punktet, og dei har òg sett opp det dei ser på som dei beste alternativa. Men desse spørsmåla blir til sjuande og sist avgjorde av den lokale lekfolksleiinga. [R. Edward Feld: «Can Halakha Live?», i The Reconstructionist, v. 59 (1994), b. 2, s. 64–72]

Kjønnsroller[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruksjonistisk jødedom har likestilling som eitt av sine grunnprinsipp og praktiserer i dag full likestilling mellom kjønna. I praksis tyder dette at både kvinner og menn kan bruke tallét (bønesjal) og tefillín (bønereimer); både kvinner og menn blir talde i minján; både kvinner og menn kan lesa frå Toráen; både kvinner og menn kan leie alle gudstenester; og både kvinner og menn kan utdanne seg til og arbeide som rabbinarar. Rekonstruksjonistiske meinigheiter har normalt ikkje mehissá (fysisk skilje mellom manns- og kvinnedelar av synagogerommet), og kvinner og menn sit oftast ikkje i spesielle avdelingar inndelte etter kjønn.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bønebøker[endre | endre wikiteksten]

  • Ḥadesh Yameinu = Renew our days : a book of Jewish prayer and meditation. Edited and translated by Rabbi Ronald Aigen. Montreal : Congregation Dorshei Emet, cop. 1996. ISBN 0-9696927-1-4
  • Kol Haneshamah : songs and grace after meals. Enlarged second edition. Elkins Park, Pennsylvania (The Reconstructionist Press), cop. 1992. ISBN 0-935457-45-3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Rebecca T. Alpert, Rebecca T. & Staub, Jacob J.: Exploring Judaism: A Reconstructionist Approach. The Reconstructionist Press, 1988
  • David Griffin's article in Jewish Theology and Process Thought, Ed. Sandra B. Lubarsky and David Ray Griffin, State University of New York Press, 1996
  • Jacobs, Louis: God, Torah, Israel: Traditionalism Without Fundamentalism. Cincinnati : Hebrew Union College Press, 1990.
  • Kaplan, Mordecai: Judaism As a Civilization , The Jewish Publications Society, 1994
  • Kaplan, Mordecai: The Meaning of God in Modern Jewish Religion, 1962
  • Platform on Reconstructionism, FRC Newsletter, Sept. 1986, pp. D, E
  • «Reconstructionist Judaism» frå English Wikipedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Generelle lenkjer[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonar og institusjonar[endre | endre wikiteksten]

Meinigheiter[endre | endre wikiteksten]