Oskar Lafontaine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oskar Lafontaine (2011)

Oskar Lafontaine (fødd 16. september 1943) i Saarlouis i Roden) er ein tysk sosialistisk politikar. Han var frå 1985 til 1998 ministerpresident (statsminister) i delstaten Saarland, og frå 1998 til 1999 finansminister i Tyskland. Frå 1995 til 1999 var han dessutan leiar i SPD, Det tyske sosialdemokratiske partiet. Lafontaine er medlem i det nyskipa venstrepartiet WASG, Valalternativet for Arbeid og Sosial Rettferd, som er i ferd med å smelte saman med Die Linkspartei PDS.

Lafontaine er son av ein bakar som fall i Andre verdskrigen. Han er fysikar av utdanning. Han er gift tre gonger, og har to søner.

I 1966 gjekk Lafontaine med i SPD, og vart vald inn i landsstyret til SPD i Saarland alt i 1968, frå 1977 til 1996 var han leiar der. I 1987 vart han vald til nestleiar i SPD for heile Tyskland. Etter valsigeren ved delstatsvalet i Saarland i 1990 vart han kanslarkandidat for SPD. Han vart livstruande skadd under valkampen ved eit attentat. Etter å ha tapt valkampen dette året mot Helmut Kohl, vart han verande ministerpresident i Saarland. Men i 1995 vart han vald til leiar i SPD, noko han var fram til 1999.

Den 24. mai 2005 erklærte Lafontaine at han gjekk ut av SPD. Same dagen erklærte han seg budd til å støtte eit venstreforbund av WASG og PDS, Partiet for Demokratisk Sosialisme. Den 10. juni gjorde han og den kjende venstresosialisten Gregor Gysi det kjent at dei ville stille opp som kandidatar for eit venstreforbund av WASG og PDS. Leiinga i WASG og PDS vart einige om eit slikt forbund framfor det framskuva parlamentsvalet i september 2005. PDS er omdøypt til Die Linkspartei (Venstrepartiet), med tillegget PDS berre i dei austlege delstatane der PDS står sterkt. Dette var tenkt å gjere det lettare for medlemmer av WASG å stille på listene. Den 18. juni vart Lafontaine medlem i WASG og vart same dagen vald til førstekandidat på vallista til partiet i den viktige delstaten Nordrhein-Westfalen. Ved valet fekk Die Linkspartei PDS med WASG stor framgang, og prosessen for å smelte dei to saman til eitt einskapleg parti heldt fram. Det sameinte venstrepartiet i Tyskland heiter no Die Linke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oskar Lafontaine