Osmund Faremo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Osmund Faremo (23. november 192116. april 1999) var ein norsk arbeidarpartipolitikar, motstandsmann og målmann. Han vart vald inn på Stortinget frå Aust-Agder i fem periodar, frå 1965 til 1985. Han var vararepresentant i periodane 19581961 og 19611965. Faremo var ordførar i Bygland kommune i periodane 19581959 og 19631966, og varaordførar i 19621963.

Farmo var fødd i Hylestad i Aust-Agder. Under krigen slutta motstandsmannen Faremo seg til Milorg. I februar 1943 vart han arrestert av Gestapo og etter kvart send til konsentrasjonsleirar i Tyskland og Austerrike, som såkalla Nacht und Nebel-fange. Faremo vart sett fri med Dei kvite bussane, og ga i 1987 ut boka Takk for livet, Emil, om tida i fangenskap.

Osmund Faremo tok initiativet til å skipe Løvebakken Mållag i 1978, og var leiar i laget frå skipingsåret og fram til og med 1985.

Han var far til forsvarsminister Grete Faremo.

Innhaldsliste

Stortingets presidentskap [endre]

  • 11. oktober 1977–30. september 1981 Sekretær i Lagtinget

Stortingskomitéar [endre]

Utmerkingar [endre]

Faremo mottok Kongens fortenstmedalje i gull i 1993. Han fekk Ordenen av det jugoslaviske flagget med stjerne og vart i 1970 tildelt DDR sin æresmedalje for kamp mot fascismen. I 1998 fekk Faremo Forsvarsforeningens medalje. I 1979 var han heidra med målpris frå Bygland Mållag og i 1981 fekk han heidersteikn frå Norske Kommunars Sentralforbund. I 1987 vart Faremo kåra til «Årets Setesdøl».

Bakgrunnsstoff [endre]