Grete Faremo
Grete Faremo (fødd 16. juli 1955 i Byglandsfjord i Setesdal) er ein norsk jurist, forretningskvinne og politikar frå Arbeidarpartiet. Ho har vore statsråd i fire departement, og var frå oktober 2009 forsvarsminister i Regjeringa Stoltenberg II, og frå november 2011 er ho justissminister.
Grete Faremo har no og har tidlegare innehatt ei lang rekkje ulike styreverv i både næringsliv og ulike organisasjonar. Ho har også sete i ulike utval som Den Norske Helsingforskomiteén. Ho har i seks år vore konserndirektør i Storebrand, og frå 2003 - 2007 arbeidde ho som direktør for jus og samfunnskontakt for Microsoft i Vest-Europa. Ho er også medlem i PFU (Pressens Faglege Utval). Frå 2009 starta ho igjen som praktiserande advokat, før ho tok over som forsvarsminister 20. oktober 2009.
Innhaldsliste |
Politisk arbeid [endre]
3. november 1990 vart Faremo bistandsminister i den tredje Brundtland-regjeringa. Som bistandsminister ønskte ho å setje bistanden inn i ein breiare utanrikspolitisk samanheng, bidra til auka utvikling gjennom betre samordning mellom givarland, enklare system for overføring av bistand og eit tettare samarbeid mellom Noreg og internasjonale bistandsorganisasjonar. 4. september 1992 overtok ho som justisminister, og var særleg opptatt av tryggleik og rettsvern for einskildmenneske. I 1993 vart ho innvald på Stortinget frå Oslo, men Per Skau og Dagny Gärtner Hovig møtte medan Faremo var statsråd.
25. oktober 1996 gjekk Brundtlandregjeringa av til fordel for Regjeringa Jagland, der Faremo vart olje- og energiminister. Same år vart det kjent at Berge Furre hadde vorte overvaka av Politiets sikkerhetsteneste medan han var medlem av Lund-kommisjonen. Faremo måtte ta det politiske ansvaret for dette som hadde pågått medan ho var justisminister, og ho gjekk av som statsråd 18. desember 1996. Faremo karakteriserte hendingane som førte til avgangen hennar som «politisk røvartokt» og skal ha kjent seg offentleg audmjuka. Ho gjekk attende til plassen sin på Stortinget, og var nestleiar i Stortingets energi- og miljøkomité fram til ho gjekk ut av Stortinget i 1997 utan å ha søkt attval.
I 1997 trekte ho seg ut av aktiv politikk, og kom ikkje tilbake før i 2009, då ho den 20. oktober vart forsvarsminister i den andre Stoltenberg-regjeringa.
Næringsliv [endre]
Grete Faremo var konserndirektør i Storebrand 1997–2003. Faremo gjekk deretter inn i Microsoft, der ho var direktør for arbeid med jus og samfunnskontakt i Nord-Europa 2004–2005 og i Vest-Europa 2005–2008. Ho var partnar i Rådgiverne LOS AS i 2009, og gjekk så inn i politikken att. I tida i næringslivet hadde ho òg ei rekkje styreverv, blant anna som styreleiar i Norsk Folkehjelp 2003–2007, styremedlem i Norsk Hydro frå 2006, styremedlem i COWI AS frå 2008, og dessutan styreleiar i Norsk Helsenett SF frå 1. juli 2009. Ho var òg nestleiar i styret til Forsvarets Forskningsinstitutt frå 2006 inntil ho vart som Forsvarsminister i 2009.
Regjering [endre]
- 3. november 1990 – 4. september 1992: Statsråd i Utanriksdepartementet med ansvar for bistandssaker (Bistandsminister) i regjeringa Brundtland III.
- 4. september 1992 – 25. oktober 1996: Statsråd og sjef for Justisdepartementet (justisminister) i regjeringa Brundtland III.
- 25. oktober 1996 – 18. desember 1996: Statsråd og sjef for Nærings- og energidepartementet (næringsminister) i regjeringa Jagland.
- 20. oktober 2009 – framleis: Statsråd og sjef for Forsvarsdepartementet (forsvarsminister) i regjeringa Stoltenberg II.
- 11. november 2011 - Faremo tok over som justisminister etter at Knut Storberget gjekk av. [1]
Stortinget [endre]
- 1993–1997: Stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet
Personleg [endre]
Grete Faremo er dotter til stortingsrepresentant Osmund Faremo (1921-1999).
Kjelder [endre]
Referanse [endre]
| Norske utviklingsministrar | |
|---|---|
| Reidun Brusletten (1983-86) · Vesla Vetlesen (1986-88) · Kirsti Kolle Grøndahl (1988-89) · Tom Vraalsen (1989-90) · Grete Faremo (1990-92) · Kari Nordheim-Larsen (1992-97) · Hilde Frafjord Johnson (1997-2000) · Anne Kristin Sydnes (2000-01) · Hilde Frafjord Johnson (2001-05) · Erik Solheim (2005-12) · Heikki Holmås (2012- ) |
| Norske justisministrar etter 1945 | |
|---|---|
| Johan Cappelen (1945) · Oscar Chr. Gundersen (1945–52) · Kai Birger Knudsen (1952–54) · Gustav Adolf Sjaastad (1954-55) · Jens Chr. Hauge (1955) · Jens Haugland (1955-63) · Petter Mørch Koren (1963) · Oscar Chr. Gundersen (1963-65) · Elisabeth Schweigaard Selmer (1965-70) · Egil Endresen (1970-71) · Oddvar Berrefjord (1971-72) · Petter Mørch Koren (1972-73) · Inger Louise Valle (1973–79) · Andreas Cappelen (1979–80) · Oddvar Berrefjord (1980–81) · Bjørn Skau (1981) · Mona Røkke (1981–85) · Wenche Frogn Sellæg (1985–86) · Helen Bøsterud (1986–89) · Else Bugge Fougner (1989–90) · Kari Gjesteby (1990–92) · Grete Faremo (1992–96) · Anne Holt (1996–97) · Gerd-Liv Valla (1997) · Aud Inger Aure (1997–99) · Odd Einar Dørum (1999–2000) · Hanne Harlem (2000–01) · Odd Einar Dørum (2001–05) · Knut Storberget (2005–2011) · Grete Faremo (2011-) |
Mal:Norske nærings- og energiministrar
| Norske forsvarsministrar etter 1945 | |
|---|---|
| Oscar Torp (1945) · Jens Chr. Hauge (1945–52) · Nils Langhelle (1952–54) · Kai Birger Knudsen (1954–55) · Nils Handal (1955–61) · Gudmund Harlem (1961–63) · Håkon Kyllingmark (1963) · Gudmund Harlem (1963–65) · Otto Grieg Tidemand (1965–70) · Gunnar Hellesen (1970–71) · Alv Jakob Fostervoll (1971–72) · Johan Kleppe (1972–73) · Alv Jakob Fostervoll (1973–76) · Rolf Hansen (1976-79) · Thorvald Stoltenberg (1979–81) · Anders C. Sjaastad (1981–86) · Rolf Presthus (1986) · Johan Jørgen Holst (1986–89) · Per Ditlev-Simonsen (1989–90) · Johan Jørgen Holst (1990–93) · Jørgen Kosmo (1993–97) · Dag Jostein Fjærvoll (1997–99) · Eldbjørg Løwer (1999–2000) · Bjørn Tore Godal (2000–01) · Kristin Krohn Devold (2001–05) · Anne-Grete Strøm-Erichsen (2005–09) · Grete Faremo (2009–2011) · Espen Barth Eide (2011-2012) · Anne-Grete Strøm-Erichsen |