Bygland kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Bygland» omdirigerer hit. For administrasjonssenteret i kommunen, sjå Bygland kyrkjebygd.
Bygland kommune
kommune
Kommunesenteret Bygland med bygda Jordalsbø i bakgrunnen.
Foto: Vetle Toreid
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Agder
Adm.senter Bygland
Areal 1 312 km²
 - land 1 156 km²
 - vatn 156 km²
Folketal 1 180  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Sigbjørn Åge Fossdal (Ap)
Kommunenr. 4220
Kart
Bygland
58°49′28″ N 7°48′7″ E
Wikimedia Commons: Bygland
Nettstad: www.bygland.kommune.no

Bygland er ein norsk kommune i Agder fylke. Kommunen grensar mot Valle i nord, mot Fyresdal og Åmli i aust, mot Birkenes og Evje og Hornnes i sør og mot Åseral, Kvinesdal og Sirdal i vest.

Kommunen er ein del av Setesdal, og det er i dalbotnen ein finn mesteparten av busetnaden i kommunen. Bygland er også namnet på tettstaden som er kommunesenter i Bygland kommune. Byglandsfjord er den største tettstaden i kommunen, og husar dei fleste største verksemdene her.[1]

Bygland kommune har 7 500 daa jordbruksareal og 250 000 daa produktiv skog. Størstedelen av kommunen ligg over 700 moh. Dei lågaste områda ligg langs Byglandsfjorden og elva Otra på om lag 200 moh. Det høgaste punktet i kommunen er Reinshornheii på 1 161 moh.[2]

Symbol[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet er på «grøn grunn ei oppspringande gaupe i gull». Grønfargen viser til jordbruket i kommunen, medan gaupa er utbreidd i fjellet her. Gaupa blir framstilt med raud tunge og kvite (sølv) auge, klør og tenner.[3]

Kommuneblomen til Bygland er hassel, som er utbreidd i urer og lier her.[4]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Grunnfjell av hovudsakleg gneis og granitt utgjer det meste av grunnen i kommunen. Det finst også sprekksoner der ein har drive gruver, til dømes etter kopar. Det er også funne noko gull i grunnen.[1]

Elva Otra renn gjennom kommunen, og dannar vatna Byglandsfjorden og Åraksfjorden her.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

I Byglandsfjorden finst den sjeldne laksefisken bleke. Dette er ein reliktlaks som berre finst her. Han vart verande att etter istida, då landheving hindra han frå å nå ut til sjøen. Fisken heldt på å bli utrydda tidleg på 1970-talet.[5] Namnet blir uttalt som «blike» i Bygland.

Bygland er, som kommunevåpenet viser til, ein gaupekommune. Dei seinare åra er det blitt felt mykje gaupe her, og det blir jakta gaupe jamleg når direktoratet (DN) har gitt fellingsløyve. Gaupa gjev tap på sauebesetningane som går i dei vide fjellområda i kommunen.[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Turisttrafikk med DS «Bjoren»Byglandsfjorden

Setesdalsbanen var ein smalspora jernbane som vart bygd mellom Kristiansand og Byglandsfjord. Frå 1938, då Sørlandsbanen nådde Kristiansand, vart Setesdalsbanene ein sidebane til denne, med Grovane i Vennesla som knutepunkt. Frå Byglandsfjord gjekk transport lenge vidare opp Setesdalen med dampbåtane DS «Bjoren» og DS «Dølen» gjennom slusaStorestraum til Ose.[7]

Langerak kraftverk var det første elektrisitetsverket i Setesdal.[8] Det vart bygt i tilknyting til Landeskogen tuberkulosesanatorium i Grendi, som var det første av ei rad statlege behandlingsheimar for tuberkulosepasientar på byrjinga av 1900-talet.[9]

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden i kommunen strekkjer seg i hovudsak over ei strekning på 6 mil i dalbotnen frå kommunegrensa mot Evje og Hornnes i sør til Valle kommune i nord.

I tillegg til kommunesenteret Bygland, er Byglandsfjord og Ose viktige tettstader. Byglandsfjord har dei største bedriftene og alle vanlege sørvisfunksjonar for innbyggjarane i søre delen av kommunen. Av grender kan ein nemna Longerak, Grendi, Lauvdal, Jordalsbø og Åraksbø.

Skular[endre | endre wikiteksten]

Det er barnehagar og barneskular på Byglandsfjord og Bygland. Bygland har også ein ungdomsskule.[1]

Kristen videregående skole Bygland, KVS-Bygland, er ein privat vidaregåande internatskole i Bygland. Han vart skipa i 2012 og tilhøyrer Indremisjonsforbundet.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 9 er hovudåra gjennom Bygland kommune. Vegen bind saman kommunen med nabokommunane i sør og nord, mot tettstadanet Evje og Valle. Mot aust og vest er det ikkje direkte vegsamband. Riksvegen går på austsida av Byglandsfjorden og på vestsida av Åraksfjorden og fortset mot nord på vestsida av elva Otra. På motsett side går det fylkesvegar, 304 og 323. Tre stader er det bruer over Otra, ved Byglandsfjord, ved Storstraumen og ved Ose.

Setesdal Bilruter køyrer bussruter i kommunen på oppdrag frå Agder Kollektivtrafikk. Det er dels lokale ruter, dels ruter til nabokommunane og langruter til Haukeli, Kristiansand og Arendal.

Historisk bruker ein gjerne båt mellom Byglandsfjord sør i kommunen og Ose i nord. For hundre år sidan kunne ein reisa med Setesdalsbanen til Byglandsfjord, dampbåt over innsjøane og så hesteskyss frå Ose nordover. I dag går den restaurerte passasjerdampbåten DS «Bjoren» i rute mellom Byglandsfjord og Ose i turistsesongen.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Haugeburet frå 1218 er ein av dei eldste trebygningane i Noreg.

Bygland er utgjevarstad for bygdeavisa Setesdølen, som kjem ut to gonger i veka.

Ose er kjend for mange festivalar og arrangement, som Matfestivalen, Ose Countryfestival og Ose Blueslaurdag.

Kulturminne[endre | endre wikiteksten]

I Åraksbø står den eldste profane bygningen i Agder, eit loft kjent som Haugeburet. Dette tradisjonelle setesdalsloftet er datert til år 1218 og er rekna som den nest eldste profane trebygningen i Noreg.[10] Loftet er lafta med finndalslaft av stort tømmer som var i god vekst då Harald Hårfagre samla Noreg.

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

Tusenårsstaden for kommunen er Byglandsfjord stasjon. Riksantikvaren har freda stasjonsbygningen på den tidlegare endestasjonen for Setesdalsbanen, som i 2012 husa ein filial av Bygland folkebibliotek. Tusenårsstaden omfattar stasjonsbygningen med diverse tilhøyrande bygningar og anlegg.

Kjende personar med tilknyting til Bygland[endre | endre wikiteksten]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Om kommunen - Bygland kommune», www.bygland.kommune.no, henta 15. juni 2020 
  2. «Norgeskart». Kartverket. Henta 21. juni 2015. 
  3. «Kommunevåpenet - Bygland kommune», www.bygland.kommune.no, henta 15. juni 2020 
  4. «Kommuneblomen til Bygland - Bygland kommune», www.bygland.kommune.no, henta 15. juni 2020 
  5. Redningsaksjon for Byglandsfjordbleka, Avtrykk.no, 21.04.2019
  6. Bondevennen.no Sau på Utmarksbeite, tap og tiltak[daud lenkje] Artikkel av Ingeborg Slettebø Wathne, seniorrådgiver i Mattilsynet
  7. Dampskipene i Setesdalen, Avtrykk.no, 20.06.2017
  8. Eventyrslottet som brakte strøm til Longerak, Avtrykk.no, 01.06.2017
  9. Tuberkulosesanatoriet på Landeskogen, Avtrykk.no, 0.06.2017
  10. Haugenloftet i Setesdal - Aust-Agders eldste trebygning, Avtrykk.no, 20.02.2018
  11. Gunnar Stubseid. Store norske leksikon. Vitja 14. juli 2020

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]