Osmussaar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Osmussaar
Osmussaar10.jpg
Geografi
EE Osmussaar.PNG
Stad Austersjøen
Koordinatar 59°17′N 23°23′E
Areal 4,69 km²
Administrasjon
Land Estland
Maakond Lääne maakond

Osmussaar (svensk: Odensholm) er ei øy i Estland. Øya ligg 7,5 km utanfor fastlandet, og høyrer til Noarootsi kommune og Lääne fylke. Osmussaar har eit areal på 4,69 km².

Osmussaar er kalla opp etter den norrøne guden Odin, som etter segna skal ligge gravlagd på øya. Før den andre verdskrigen budde 130 menneske på øya, dei fleste av dei etniske svenskar. Då Sovjetunionen overtok øya og bygde marinebase der i 1940, vart alle innbyggjarane tvangsflytta til Vormsi. Øya var det siste området i Estland som vart overgjeve til tyskarane då dei okkuperte landet under den andre verdskrigen. Under den tyske okkupasjonen flytta svenskene tilbake, men dei måtte igjen forlate øya då den tyske okkupasjonen tok slutt.

I dag er Osmussaar naturvernområde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]