Ostasjkov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ostasjkov
Осташков
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Ostasjkov
Byvåpenet til Ostasjkov


Plassering
Ostasjkov is located in Russland
Ostasjkov is located in Tver oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tver oblast
Grunnlagd
Bystatus
1300-talet
1770
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

19 176
Koordinatar 57°09′00″N 33°06′00″EKoordinatar: 57°09′00″N 33°06′00″E
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) 48235
Nettstad: www.ostashkov.ru

Ostasjkov (russisk Оста́шков) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 19 000 innbyggjarar. Han ligg 175 km vest for Tver, på ei halvøy på sørsida av Seligersjøen.

Øya Klitsjen vart først nemnd i eit brev sendt av storhertug Algirdas av Litauen til Patriarken av Konstantinopel i 1371. Etter at øya fleire år seinare vart plyndra av sjørøvarar frå Novgorod, flytta dei to overlevande frå Klitsjen, Ostasjko og Timofej, til fastlandet, der dei grunnla landsbyane Ostasjkovo og Timofejevo. Den første høyrte til Moskvapatriarken, og den andre Josef Volokolamsk-klosteret. I 1770 vart begge landsbyane slått saman til byen Ostasjkov.

Nilovklosteret ligg på ei øy i Seligersjøen. Dette biletet vart teke av Sergej Prokudin-Gorskij rundt 1910.

Hovudgatene vart lagde ut i nyklassisk stil etter planane til Ivan Starov i 1772. Lokale landemerke er mellom anna Maria Himmelfartskyrkja frå 1689, Treeiningskatedralen frå 1697, Teiknklosteret (1673, 1730-talet, 1880-talet, og Zjitnyjklosteret frå midten av 1700-talet. Det finst òg ei fantasifull søyle reist av folket i Ostasjkov i 1787 for å markere staden der eit trefort frå 1587 ein gong stod. Den vakre arkitekturen i byen og den attraktive plasseringa ved innsjøen gjer Ostasjkov til eit av dei mest populære reisemåla i dei vestlege områda av Russland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]