Tver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tver
Тверь
Tver på vinterstid
Tver på vinterstid
Flagget til Tver Byvåpenet til Tver
Flagget til Tver Byvåpenet til Tver


Plassering
Tver is located in Russland
Tver is located in Tver oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Tver oblast
Først nemnd i 1127
Borgarmeister Oleg Lebedev
Geografi
Flatevidd
 - By

147 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

405 500
  2 758,5 /km²
Koordinatar 56°52′″N 35°55′″EKoordinatar: 56°52′″N 35°55′″E
Høgd over havet 135 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 170000–170044
Retningsnummer (tlf) (+7)4822
Bilnummer 69
Nettstad: www.tver.ru/

Tver (russisk Тверь) er ein by i Russland og administrativt senter i Tver oblast. Han har like over 400 000 innbyggjarar (2007). Tver var tidlegare hovudstad i ein mektig mellomalderstat og ein mønsterby i Det russiske keisardømet med 60 000 innbyggjarar i 1913. Byen ligg ved Volga, der elva Tvertsa munnar ut. Frå 1931 til 1990 vart byen kalla Kalinin (russisk Кали́нин).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første omtalen av Tver er frå 1164. Han var opphavleg ein liten busetnad for novgorodske kjøpmenn, og vart ein del av Storfyrstedømet Vladimir i 1209. I 1246 gav Aleksander Nevskij han til den yngre bror sin, Jaroslav Jaroslavitsj (d. 1271), og frå han utvikla det seg eit dynasti. Fire av dei vart drepne Den gylne horden og vart erklært helgenar av den russisk-ortodokse kyrkja.

Fyrstedømet Tver vart raskt forvandla til eit av dei rikaste og mest folketette russiske statane. Området låg tidlegare i eit område med mykje myr og skog og var vanskeleg å nå for dei tatarske åtaka. Derfor kom mange innbyggjarar frå dei øydelagde områda i sør til Tver. Mot slutten av hundreåret rivaliserte han makta til Moskva om herredøme over Russland. Både Tver og Moskva var unge byar, så resultatet av denne knivinga var langt frå sikkert.

Mikhail av Tver, som tok over trona i Vladimir i 1305, var ein av dei best likte russiske herskarane i mellomadleren. Han førte open strid mot Den gylne horden og dette førte til at han vart myrda i Tver i 1318. Sonen hans Dmitrij «dei fryktlege augo», tok over etter han og gjorde ein allianse med det mektige Storhertugdømet Litauen, og Tver klarte å oppnå enno meir prestisje.

Forbitra over påverknaden til Dmitrij, fekk fyrst Ivan Kalita av Moskva han drepen av mongolane i 1326. Då innbyggjarane fekk høyre dette gjorde dei opprør mot Horden. Sistnemnde slo seg saman med styrkar frå Moskva og slo brutalt ned opprørarane. Mange vart drepne, gjort til slavar eller deportert. Dette var eit kraftig slag for Tver sine ønske om makta i Russland.

På andre halvdel av 1300-talet vart Tver ytterlegare svekka av indre stridar mellom arvingane til fyrsten. To eldre greiner av fyrstehuset, frå Kasjin og Kholmskij, gjorde krav på trona til storfyrsten. Desse fekk støtte fr¨Moskva og slo seg etter kvart ned i Kreml i Moskva.

Under den store føydalkrigen i Storfyrstedømet Moskva, vart Tver nok ein gong viktig og stadfesta alliansane sine med Litauen, Novgorod, Austromarriket og Den gylne horden.

12. september 1485 omleira styrkane til Ivan den store byen. Fyrstedømet vart gjeve som apanasje til barnebarnet til Ivan, men vart avskaffa fleire tiår seinare. Dei siste ætlingane frå fyrstehuset vart avretta av Ivan den grufulle under Opritsjnina. I denne turbulente tida vart Tver styrt av Simeon Bekbulatovitsj, ein tidlegare khan i Kasimov.

Statue av Lenin på Sentralplassen i Tver

St. Petersburg vart grunnlagd, vart Tver igjen viktig som ein viktig stasjon langs vegen frå Moskva til St. Petersburg. Han vart mykje vitja av dei russiske kongelege og adelen som reiste mellom den gamle og den nye hovudstaden.

Etter ein stor bybrann i 1763 vart byen bygd opp att i neoklassisistisk stil. Under Katarina den store vart sentrum av byen nøye gjenoppbygd. Gamle mellomalderbygg vart rive ned og erstatta av bygg i neoklassisisistisk stil. Dei viktigaste av desse er Reisepalasset til tsarinna (teikna av Matvej Kazakov) og Kristi Himmelfartskyrja frå 1813.

I 1931 fekk byen namnet Kalinin, etter den kjende sovjetiske leiaren Mikhail Kalinin, som vart fødd i nærleiken. I 1936 vart Frelsarkatedralen rive ned. I 1940 tok NKVD livet av meir enn 6200 polske politimenn og krigsfangar frå Ostashkov-leiren.

Wehrmacht okkuperte Kalinin i to månader i 1941 og etterlet seg byen i oske. Store motstandsrørsler i byen og regionen rundt førte til at over 30 000 nazistiske soldatar og offiserar mista livet under okkupasjonen av byen. Kalinin var den første store byen i Europa som vart frigjeve frå tyskarane.

Under den kalde krigen låg flybasen Krjutsjkovo her, men denne er ikkje lenger i bruk. Tver fekk tilbake det gamle namnet sitt i 1990.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tver

Kjelder[endre | endre wikiteksten]