Krasnyj Kholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krasnyj Kholm
Красный Холм
Byvåpenet til Krasnyj Kholm
Byvåpenet til Krasnyj Kholm


Plassering
Krasnyj Kholm is located in Russland
Krasnyj Kholm is located in Tver oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Tver oblast
Grunnlagd
Bystatus
1518
1776
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

5 965
Koordinatar 58°03′00″N 37°01′00″EKoordinatar: 58°03′00″N 37°01′00″E
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 171660
Retningsnummer (tlf) 48237

Krasnyj Kholm (russisk Кра́сный Холм, tyder Raud ås) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 6000 innbyggjarar. Han ligg 160 km nordaust for Tver.

Krasnyj Kholm vart først nemnt i 1518, som landsbyen Spas-na-Kholmu. Landsbyen høyrde til Antonijev av St. Nikolai-klosteret til landområdet vart sekularisert i 1764. I 1776 fekk byen byrettar og det noverande namnet sitt. Jernbanen mellom Rybinsk og St. Petersburg nådde Krasnyj Kholm i 1899, og sette fart på byutviklinga.

Ved breidda av elva Mologa, mindre enn tre kilometer frå Krasnyj Kholm, ligg ruinane av Antonijevklosteret som gav opphav til byen. Klosterkatedralen vart bestilt av Andrej Bolsjoj i 1481. Han vart innvigd i 1493 og vart ombygd i kalkstein eit halvt hundreår seinare. Denne bygningen, som var den eldste i oblasten, vart lagt i grus av bolsjevikane. Han står framleis utan tak og forfell.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.