Toropets
| Toropets Торопец |
|||
|---|---|---|---|
|
|||
| Plassering | |||
|
|
|||
|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Føderasjonssubjekt | Tver oblast | ||
| Grunnlagd Bystatus |
1074 1777 |
||
| Geografi | |||
| Innbyggjarar - Totalt (2008) |
13 346 |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) |
||
| Diverse annan informasjon | |||
| Retningsnummer (tlf) | 48268 | ||
Toropets (russisk Торо́пец) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg i Valdajhøgdene, ved elva Toropa, rundt 270 km vest for Tver.
Historie [endre]
Byen vart første gang nemnt i skriftlege kjelder alt i 1074. Han høyrde då til fyrstane i Smolensk. I 1167 var byen stor nok til å ha egne fyrstar. Den mest kjende av dei var Mstislav den modige. Sonesonen hans, Aleksander Nevskij, gifta seg med Aleksandra av Polotsk i Toropets i 1239.
På midten av 1400-talet hamna byen under Storhertugdømet Litauen, som måtte avstå han til Ivan III etter Slaget ved Vedrosja i 1503. Tidleg på 1600-talet vart Toropets plyndra av den polske armeen. I 1777 vart byen ein del av Pskov gubernija.
I 1935 vart byen lagt inn under Kalinin oblast (dagens Tver oblast). Byen var okkupert av Wehrmacht frå 29. august 1941 til 21. januar 1942, då han vart frigjeve under Toropets-Kholm operasjonen.
Kjelder [endre]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Toropets» frå Wikipedia på bokmål, den 25. januar 2009.
|
|
||
|---|---|---|
| Administrativt senter: Tver | ||
|
Andreapol · Belyj · Bezjetsk · Bologoje · Kaljazin · Kasjin · Kimry · Konakovo · Krasnyj Kholm · Kuvsjinovo · Likhoslavl · Nelidovo · Ostasjkov · Rzjev · Staritsa · Torzjok · Toropets · Udomlja · Vesiegonsk · Vysjnij Volotsjok · Zapadnaja Dvina · Zubtsov |
||