Osterfjorden i Hordaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Osterfjorden sett frå ein båt.
Foto: Carlton Browne

Osterfjorden er ein av tre fjordar rundt Osterøy. Han går langs kommunegrensa mellom Lindås og Osterøy og er 27 km lang og 1-3 km brei. På det djupaste er fjorden 639 meter djup.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fjorden er ei fortsetjing av Salhusfjorden og strekkjer seg langs heile nordvestsida av Osterøy. Ved nordenden av Osterøy skiftar fjorden namn til Romarheimsfjorden, som held fram nordaustover, medan Indre Osterfjorden (Mellesdalssundet) held fram austover til Veafjorden. Eidsfjorden er ein fjordarm av Indre Osterfjorden. Lengda av Osterfjorden inkludert Eidsfjorden er 42 km, medan lengda inn til botn av Romarheimsfjorden (som heiter Mofjorden) er 45 km.

Innløpet til Osterfjorden ligg mellom Knarvik i vest og Klokkarneset ved Hamre i aust. Eit lite stykke inn i fjorden stikk Longevågen 5 km søraustover på Osterøy til Lonevåg i botn av vågen. Vidare inn fjorden på Osterøysida finn ein tettstader og bygder som Tepstad, Hjelvik, Raknes, Fjellskålnes, Bysheim,Hosanger ved Mjøsvågen, Gatland, Fotlandsvåg, Bernes Tysso, Kleiveland og Heimvik. På Lindåssida finn ein Leknes, Hjelmås Eikanger, Eknes, Ostereidet Bjørsvik, Molvik og Vikanes (Neset) er lokalt og kalla Kroken. Det gamle namnet var Storholmen.

Vikaneset i Osterfjorden.

Ostereidet er kalla opp etter eidet som ligg her mellom Osterfjorden og Hindenesfjorden. Eidet er om lag 1,5 km langt. Litt aust for Ostereidet ligg grenda Molvik. Frå her og nord til starten av Romarheimsfjorden er vestsida stort sett urørt, medan E39 som følgjer fjorden fram til Ostereidet her går i tunnel lenger vest. Langs dette stykke ligg det ei rekkje, relativt store øyar i fjorden. Padøyni er den største av desse med ei lengd på nesten 6 km.(På alle kart står Paddøy, men lokal uttale er Padøy (med lang a). På austsida av Padøyni ligg den mindre HokøyniHaukøy (lokalt namn er Høkøy). Aust for Hokøyni igjen ligg innlaupet til Romarheimsfjorden. Fjorden byrjar ved neset som heiter Bispkjelda. Her er ei oppkome i fjellet like ovom flomålet. Osterfjorden er djup;fleire stader rundt 600 meter. Mulsfjorden heiter fjorden sør for Molvik. Der var dumpingplass og store mengder tysk ammunisjon vart søkt der etter mai 1945. Det er fortalt at ein gong Dampen gjekk over dumpingstaden eksploderte det nede i djupet og dei reisande merka at skipet lyfta seg litt. Ammunisjonskassane flaut i heile fjorden og eitt av golva i ei løe ved fjorden er laga av tysk ammunisjonsemballasje. Osterfjorden kan vere verhard, sørleg vind inn fjorden kan vere svært sterk. Osterfjorden var i si tid rik på småsild og brisling og det var eit omfattande kastenotfiske om haustane til først på 1960 talet. Her var og laksefiske og faste oppkjøparruter frå Bergen med skøyte rundt Osterøy om sommaren. Sandfarten frå indre Osterfjord til Bergen var og er omfattande.

Namn og kultur[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare kalla ein heile fjorden rundt Osterøy for Osterfjorden. Osterfjorden var då sett saman av Sørefjorden, Veafjorden og Norefjorden. I dag er det vanleg å kalla Sørefjorden for Sørfjorden, og både denne og Veafjorden vert ikkje lenger rekna som ein del av Osterfjorden, slik at det i dag berre er Norefjorden som vert kalla Osterfjorden.

Ole Bull-slåtten «Nordfjorden» var tileigna Norefjorden ved Osterøy, altså det som i dag vert kalla Osterfjorden.