Osterøy kommune
| Osterøy kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1253 |
| Fylke | Hordaland |
| Adm.senter | Lonevåg |
| Areal | 254 km² |
| Folkemengd | 7 516 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2003-) | Kari Foseid Aakre (Ap) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.osteroy.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Osterøy kommune på Commons | |
- For øya med same namn, sjå Osterøy.
Osterøy er ein kommune i Hordaland fylke, som utgjer mesteparten av øya Osterøy i Nordhordland. Osterøy er den største innlandsøya i Noreg, og ligg nordaust for Bergen. Heile øya er ikkje ein del av kommunen Osterøy; den nordaustlege delen høyrer til Vaksdal kommune. Øya er på 324 km², medan kommunen er på 254 km². Kring Osterøy er fjordane Osterfjorden i nord og vest, Sørfjorden i sør og Veafjorden i aust. I Vaksdal kommune vart øya knytt til fastlandet i 1985 med Kallestadsundet bru mellom Kallestad på øya og Stamnes på fastlandet. Øya vart på nytt knytt til fastlandet i 1997, då Osterøybrua mellom Kvisti og Herland stod ferdig. Fotballtrenaren Mons Ivar Mjelde, fotballspelaren Erlend Hanstveit og dessutan målmannen Ola Raknes kjem frå Osterøy, og Ole Bull hadde ein landstad på øya.
Av stader på Osterøy kan nemnast kommunesenteret Lonevåg, Hausvik, Votlo, Bruvik, Valestrandsfossen, Hamre, Fotlandsvåg, Hauge, Tyssebotn og Gjerstad.
Osterøy har eit variert næringsliv med ulike typar industri, jordbruk, fiskeoppdrett og sørvisyrke. Av dei største bedriftene kan nemnast Borge Garveri, Tysse Mekaniske Verksted og Lonevåg Beslagfabrikk.
Innhaldsliste |
Lokalavis [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
Litteratur [endre]
- Kleiveland, Geir. 2007. Osterøy Bygdebok. Allmennsoge band I: Frå dei eldste tider til 1870. Osterøy: Osterøy bygdeboknemnd.
- Kleiveland, Geir. 2003. Osterøy til fots. Kulturhistoriske vandringar. Osterøy: Osterøy sogelag.
- Årsskriftet «Osterøy i soge og samtid». Osterøy: Osterøy museum, Osterøy sogelag og Hosanger sogelag.
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Hordaland | ||
|---|---|---|
| Askøy · Austevoll · Austrheim · Bergen · Bømlo · Eidfjord · Etne · Fedje · Fitjar · Fjell · Fusa · Granvin · Jondal · Kvam · Kvinnherad · Lindås · Masfjorden · Meland · Modalen · Odda · Os · Osterøy · Radøy · Samnanger · Stord · Sund · Sveio · Tysnes · Ullensvang · Ulvik · Vaksdal · Voss · Øygarden | ||