Sissel Rønbeck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sissel Marie Rønbeck (fødd 24. mai 1950) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, fødd i Hammerfest.

Då Rønbeck hausten 1979 blei forbrukar- og administrasjonsminister i ein alder av 29 år, var ho den til no yngste statsråden i Noreg.

Regjering[endre | endre wikiteksten]

Stortinget[endre | endre wikiteksten]

Sissel Rønbeck møtte første gong på Stortinget som vararepresentant for Ap i 1977. Ho var innvald som stortingsrepresentant for Oslo i tida 1981–1993. I Stortinget var Rønbeck medlem og leiar av Kyrkje- og undervisningskomiteen, medlem av Finanskomiteen og medlem av Samferdslekomiteen.

Andre tillitsverv[endre | endre wikiteksten]

Rønbeck har hatt ei rekkje tillitsverv i Arbeiderpartiet. Ho var formann i Arbeidernes Ungdomsfylking i 1975–77 der ho hadde vore medlem av sentralstyret sidan 1969, medlem av DNAs sentralstyre 1975–77 og 1983–1989 og leiar av Arbeiderpartiets kvinnebevegelse 1985–1989. Ho har vore medlem av DNA sin programkomite.

Av andre verv kan nemnast: Medlem av Den Norske Nobelkomite frå 1994, leiar av Rådgjevande utval for God byggeskikk og nestleiar i Norske Boligbyggelags Landsforbund.

Anna[endre | endre wikiteksten]

I 1983 gav ho ut boka Tanker på tvers.

Ho var i perioden 1993-2008 tilsett som assisterande direktør hos Riksantikvaren.

Ho er gift med Arne Wam. Ho var tidlegare gift med Bjørn Tore Godal. Ho har to barn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]